Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane Lodalsulukka 13. september 1936

Skaden

I det heile hadde det i denne ulukka kome bort 74 menneske, og av det var det 34 som ein fann att. Fleire av desse var tenarar og arbeidarar frå andre bygder. Dei vart sende kvar til sine heimstader.

Det synte seg at dei materielle skader og var overlag store. I Bødal var alle hus rivne bort og jordene øydelagde. I Nesdal var det tre heimar der husa ikkje var tekne av båra, men jordene var sterkt skada, og båra tok med seg jorda på store vidder inn på land, så det etterpå såg ut som ei øydemark.

Medkjensla var stor, og det vart innsamla pengar frå heile landet - og frå utlandet med - til dei skadelidne. Ei nemnd med fylkesmann Seip, ordførar Lunde og lensmann Årnes i Stryn vart nedsett til å stelle med utdelinga av dei innsamla midlane.

Likeins som i 1905 vart det nedsett ei skylddelingsnemnd til å verdsetje jordskaden. Både for Bødal og Nesdal kom retten til at jorda hadde lide stor og uboteleg skade, og skylda vart sterkt nedsett. Størst var avtaket for Nesdalsgardane, men avtaka var og svært store i Bødal.