Nordfjord - Nordsida - BergsetBilde - Kart - Tekst

Bergset

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 96 Bergset

Bruka og ætter

I 1563 var Bergset to bruk, som låg i kvar sitt tun, Innigard og Framigard. Før 1600 vart kvart av dei kløyvde i to bruk, og all fire bruka var jamstore. Eitt av dei vart 1613 - 29 delt i to partar (nr. l). I siste tid er utskilt eit småbruk.

Til garden har det lege 6 husmannsplassar, to nede med Bergset-nausta, tre på Hjellhaugen og ein i Geilane.

På Arne-, Ola- og Mattisbr. sit gamle ætter. På Arnebr. har same ætta hatt bruket i over 200 år. På Mattisbr. har same ætta hatt bruket sidan før år 1600. På Villumbr. ættar brukarane frå Myklebust i Utvik.