Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 77 Bødal

Gamle gardsdokument

Gamle gardsdokument. Få gardar har hatt så mange gamle gardsdokument som Bødal. Dei eldste er prenta i Dipl. Norv. (sjå ovafor). Dei yngre (frå 16. og 17. århundre) låg på garden og var sameige. I Lodalsulukka 1905 vart dei diverre øydelagde. Eg var så heppen å få ta ein «ekstrakt» av dei hausten før då eg var på garden. Av dei får ein vite ymse av verd om garden.

I 1584, den 14.5., kunngjer 6 lagrettemenn at dei tredje søndag etter påske d. år på Nedstryn kyrkjegard av Amund Siurdson og Kolbeinson Bødal vart tilspurde kva dei visste om hagebeitet i «Tjønnedal etter fædres og andre gamle folks ord. Dei svara då at dei aldri hadde høyrt anna enn at dei bøndene som sat i Bødal alle tider hadde beita med krøtera i Tjønnedal saman med Nesdalsbøndene. Dei hadde drive krøtera til Tjønnedal over sundet, og sidan dreiv dei krøtera frametter fjæra for minst mogleg å skade Nesdals-gardane. Neesdølingane la same tid fram eit gammalt skinnbrev som tala mot dette (ikkje sitera), men det lydde berre på halve Tjønndal.

Same år 16. juli var 12 lagrettemenn, oppnemnde av futen Chr. Pepler, på garden for å byte jorda og hamna etter den domen som vart gjort på lagtinget s. år, og for å gjere avtak på landskylda, då ho var sett for høg. Eigarar av garden var då: Lasse i Nesdal og brør, som åtte 4 1. 1/2 pd., Oluf Maud(?) og medeigarar åtte 1 ½ l., Bodvard på Avlein og medeigarar åtte 1 1.; kyrkjene i Olden og Oppstryn åtte 1 pd. saman.

Dei bytte Tjønndalen mellom Bødal og Nesdal såleis: Begge Nesdalsgardane skulle ha lendet på søre sida frå Jørpehaugen (av Jørpeskreda) og inn under breen; andre bytet fekk dei frå Alkimfoss til Timbrevassgjølet; tredje bytet frå Jørpegjøl til Hellegjøl. Myklebø fekk første bytet sitt på andre (nøre) sida frå Sletteskreda inn under breen, andre bytet frå Alkimfossen mot Sletteskreda, tredje bytet frå Timbrevassgjølet til Jørpegjølet. Hamnebeitet skal vere «horn mot horn» (sambeite).

Så vart slættene i Tjønndalen bytte. «Det store gjerde» (kvia) «der ladene står», vart bytt i to partar, den eine parten til Myklebø, den andre til Nesdalsgardane. Kvia på sørsida, kvia innafor, Alkimskvia og Jørpegjølskvia vart og bytt i to partar. Som ein ser må Kjenndalen den tid ha vore ein framifrå hamnedal og hadde mange slåttekvier. I eit avtaksverk frå 1700-årstalet er det sagt at i Kjenndalen var ikkje att noko slått eller hamn, men der var berre urd og stein, og der hadde garden i gammal tid hatt mest all si krøterforing. Dalen var då øydelagd av breen. No er det ikkje slåttekvier der.

Åker- og engbytinga i Myklebø vart den tid utsett, då grøda stod i sin beste vokster. Den 15. oktober same året vart åker og eng bytt av futen Pepler, lensmann og 6 lagrettemenn. Etter beste samvit bytte dei såleis at Bodvard Avlein, Oluf Simonson og Anders Kolbeinson Myklebø fekk søre parten av Myklebø, 1/3 av Austøya og ein liten teig i Uteng. Amund, Mogens og Siurd Siurdsøner Myklebø og Lasse i Nesdal fekk sin part på nordsida, enga utafor elva og alt det som ligg opp til husa. Det vart såleis dømt strengemerke mellom søre og nøre («innafor og utafor») parten.

Den 28.11. 1600 selde Thomas Andersson Holwik, Davik skpr. og (broren) Rasmus Andersson 1/2 1. i Hjelle i Oppstryn til Kolbein Lauritsson Bødal og broren unge Anders Nesdal for 20 gam. dl. og 3 gam. dl. i skøytingsøyre. Kjøpebrevet er på skinn (no i Holmøy) og er «beseglet» av partane og lensskrivar Trogels Jensson, Jørgen i Loen og Anders Rasmusson Muri, Igrm.

I 1603 den 3. juni selde Sjurd Sjurdson Loch, busett i Bødal, 19 mk. i Eide i Stryn og noko gods (2 mk.) i Lide (ligg oppe i dalen på sørsida av elva; var då truleg bygd; har særs god jord) i Bødal, som alt var kona Karin Bodvardsd. (ho var vel dotter til Bodvard Auflem) sitt odg., til Hugleik Andersson Loen for i alt 11 dl. 22 mark i pengar, 4 m. korn, 1 mark penge og 1 vog korn i skøytingsøyre, som dei hadde fått av kjøparen i si store naud. Skøyta, som er på pergament, er stadfest med segl av Sjurd Sjurdson, lensmann Oluf Arneson Skåden og 5 lagrettemenn. Ho er no i Gjerstun.