Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 77 Bødal

Bruk og innbu

Ymse av husa i det gamle Bødalstunet var svært gamle. Stabburet på Lassebr. var bygt av rundhøvla almetømmer. På ei glasrute stod «Eirik Andersson 1737», men det var sagte mykje eldre. Tømmeret er no oppatthøvla. Det skulle vere hogge på Storegjeret. Er no ombygt til nystove, 4,l x4,4 x 2,4 m høg under bjelkane og 0,75 m høg ovapå, har 9 kverver under, 3 ovapå. Ein stokk er 0,34 m brei. Har vore ombygt i 1777.

Før var det og mykje gammalt innbu på garden, t d. gamle kjerald, ljosestakar, gamle våpen, m. a. ein «krumsabel», flintelåsbørser, kårde og ymse gamle pengar. På ein minnedalar frå 1788 stod: «Urokkelig som Dovres høie fielde står Norges sønners troskab, mot og vælde.» Truleg har livgardisten «Storeknut-Anders» fått minnedalaren frå København. I 1636 pantsette Oluff Siffuerson Bødal 1/2 pd. av br. sitt i Bødal for 9 rdl. til Anders Nesdal. Pantebrevet, som no er på Sæten, er underskrive av Oluf. På same brevet kvittar Oluf Korneliusson og kona Synnøve Lauritsd. (p. br. nr. 2 i Bødal) for 12 rdl., motteke frå Anders Rasmusson Dåreflåt for 1/2 pd. sm., dagsett 26.3. 1675.

År 1655, 13.6., var det åstadsrett i Bødal. Her vart det dømt i odelstretta mellom dei to systrene Beritte og Mildrid Rasmusd. og Kolbein Lasseson Bødal om 1 laup i Bødal. Det vart då lagt fram av begge partar ymse gamle dokument frå 1599 til 1609, men saka vart framdrygt til 17.10. s. år. Det vart då lagt fram endå fleire gamle dokument i saka derimellom provsbrev, skøyter, gamle domar o. m. Av dei var to pergamentbrev, eitt dagsett 1400 og eitt 1554. Desse dokumenta prova at godset opphavleg låg under Kolbein si ætt, men at 1/2 1. av same uretteleg var vunne av Klaus Drageset, som sidan saman med borneborna sine avstod odr. til den halve laupen til Kolbein, og før hadde selt den halve laupen til Kolbein sine forfedre. Godset vart difor no tildømt Kolbein med full rett.

Same år, den 13.6., gjorde Knut Mogenson odelssøksmål mot farbroren Knut Knutson Bødal på 1/2 1. som han meinte som eldste bror å ha næraste rett til, men Knut Knutson meinte at han va næraste å bruke godset, då han med stort utlegg hadde løyst godset frå framande. Knut Mogenson vart tildømt godset.