Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 77 Bødal

Strid og semjer

Ymse strid, domar og semjer. I 1729 vart åkrane bytte. Retten fann då to merkesteinar, den eine nedst i tunet, den andre i ein åker ovafor husa; elles var teina grenseskil (mellom Innigards og Utigardseigna). Retten fann at den eldgamle delinga var heilt urettvis, og dømde difor ny lovleg deling etter kvar sin lut og leigebol. Åkrevidda var i alt vel 320 000 rutealner eller vel 128 mål; det er over 23 mål på laupen og såleis den største åkrevidde etter måten nokon gard i Nordfjord før hadde. Dei selde jamt korn her før, for kornet treivst særs godt her. Garden har godt jordkynde og er solrik. Av åkrenamn er då nemnde: Flåtane, Storåkeren, Storstykket, Bakkestykket, Andersåkeren, Trøde, Korsåkeren, Kalvåkeren, Langåkeren, Litleøyåkrane, Kaldeflåten, Hampetuft, Smidjeåkeren, Sjurdkalvåkeren, Kyrkjehalvpundsåkeren, Raudiåkeren, Kvieåkeren, Sundåkeren, Grovestykket, Nylenda, Sameigna, Brødhaugen, Tøndeåkeren, La-åkeren, Svora, Bakkåkeren, Hollestykket, Langhaugen, Karåkeren, Klypeåkeren, Kolmilåkeren, Myrhaugen, Skjeggåkeren, Fjøsåkeren, Stoveåkeren, Myråkeren. Største åkrane var: Flåten (innafor) 17 mål, Flåtane (utafor) 10 mål, Storåkeren 12 1/3 mål.

I 1756, den 17. mai, var retten etter pålegg av stiftsbefalingsmann Cicignon på garden for å sjå over og verdsetje den skaden som garden då hadde lide av fjellskrede og elvebråt. Brukarane prova at avlinga på garden sidan 17. århundre hadde minka med 6 kufor og 2 3/4 t. utsåd, og denne skaden kunne aldri kome «til nytte igjen». Særleg var det kuhamna og utslåttmarka som hadde lide skade av blåbreen, elvelaup og fjellskred, og var så overbreidd med store steinar, aur og sand at det aldri «står til rydning eller forbedring igjen». På grunnlag av oversynet i 1756 vart skylda to år etter avteken med ¼ av den opphavlege skylda, og leidingen nedsett frå 11 til 8 geitskinn.

I 1772 var her avtaksgransking att av den skaden som garden dei 2-3 siste åra hadde lide. Bødalselva hadde nede ved vatnet rive ut om lag 10 turrhøylass-slått, og Brede-, Espe- og Sameigneskredene hadde teke bort mest all slåtte- og hamnemark som fanst inne i dalen. Retten verdsette nedgangen på fodnaden til om lag 1 hestefod og 21 a 26 kyrafod. Brukarane prova same tid at setrehamna «er ganske av elven og fjeldskrede bortreven». For å fø like mykje som før, måtte brukarane anten leggje att åker eller med stort utlegg til folkehjelp og med stor livsfare skaffe seg beit og for frå dei bratte og farlege bergsidene, der dei mange stader måtte heise både seg og foret etter tau. Likevel sette ikkje retten avtaket til meir enn eitt pd.