Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.1 Anders Olssen (f. 1807) og Olina si styringstid

Anders og slått i utmarka

Han Anders gjekk opp i det daglege arbeid heime. Mest interessert var han i å skaffe byføring frå skogen. Det var bjørk til famneved og hassel til tunneband. Kvart år for han sjøl til Bergen med byføring saman med andre av grannane. Truleg var Lojekta også i bruk i førstninga av hans styringstid. Det seiest også at han Anders hadde ei serleg omsut for slåtteteigane sine i utmarka. Bestefar min sa ofte at far hans rudde ikkje bort runnane som vaks opp på heimebøen, men i skogaslåtten rudde han bort kvar ein kvist som vaks inn på slåtteteigen.

På Neste Kleiva hadde Sjurane beste skogaslåtten sin. Der var det så fint og frodigt at på somme sletter kunne ein bruke langorv, og der sette dei opp hesjar og turka høyet i. Det hende sjelda at dei låg der om natta, men gjekk heim om kvelden. Men dei hadde slipestein der som dei snudde så dei kunne kvesse ljårne når det trengdest. Denne lada passa han Anders godt på og la på næver og torv når han såg det trengdest. Det var mykje av vinterforet dei samla inn på denne måten, og heile huslyden var med. Denne slåtten heldt dei fram med til 1900. Sjure kleivalada ver den siste som stod igjen i denne slåttemarka, ho var så vel vedlikehalda så ho stod til etter 1930.

Som før nemnt vart høyet teke heim på høyslodar om vinteren. Ein køyrde med hest opp til Gjølet og tok høyslodane på sleden og køyrde dei heim der ifrå. Dette arbeidet var gjort med dugnad og det gjekk for det meste svert godt. Men i 1827 då dei på Monsbruket skulle take høyet heim, kom det ei snøfonn og Rasmus Anderson som då hadde fått skøyte på Monsbruket og broren hans kom inn under fonna og sette livet til. Rasmus var ugift, og ein annan av brørne hans som heitte Mons fekke skøyte og heldt fram på bruket, etter han er det bruket har fått namn.