| LoenGarden og ætta. Sjurebruket i Loen 5.9.  Husa på garden.På utskiftningskartet for innmarka i Loen, som var oppteke i 1896 ser vi at Sjurebruket hadde desse husa heime i Lotunet: Staburet, stove med do inntil vestre koveveggen, nystove, smalefjøs, grisehus,. lade, stall, eldhus. Utan om desse husa hadde dei naust ute ved sjøen, gardfjøs (vår og haustfjøs) inne ved Lofossen, vikalade i Lovik, sel på støylen, skogalade på Kleiva, sel på Høgesætra saman med Antunsbruket og kvernhus saman med Erke, Framigard, Markus og Mons-bruka. I det heile var det 14 hus åleine og 2 saman med andre som høyrde garden til. Desse husa hadde då vore på garden i lang tid, og dei hadde alle frå først av hatt taktekkje av never og torv. Då kartet vart teke hadde nystova fått pannetak av raue panner. Som ein kan skjøna var det eit stort arbeid med vedlikehaldet av alle desse taka. Nevra tok dei i sin eigen skog om våren på den tida nevra losna frå borken, av store slette bjørkestammar. Med godt og påpasseleg stell kunne desse taka vere tette og gode i mange år. Når det hende at der kom dropar i taket, var det å bøte det med ny never der dropen var, men etter 30-40 år måtte ein til med ny taktekkjing, og det var litt av eit storarbeid. Never hadde dei sytt for og hadde på lager, og så var det å finne ein fin grasvoll i nærleiken av det taket ein skulle tekkje og spade opp passeleg store firkanta torver. Ein tok til med tekkjinga nede på ufsen og la tekkje på opp over mot mønet. Det første ein måtte ha over sperrene var trod, det var ein tomme tjukke furebord, nede på ufsen feste ein så på tverrkrokar av eine, dei var der til å feste for ein stokk som ein la på for at torva og nevra ikkje skulle siga ned av taket. Det første laget av never hadde ein alt lagt under denne stokken og heldt fram opp over taket. Det var ein kunst å leggja nevra slik at det ikkje kom dropar, men at regnvatnet rann ovan-på nevra. Etter kvart som ein kom opp over taket laut ein følgje med og leggje torv opp på nevra. Den la ein slik at grassida vende ned mot nevra og moldsida opp. Det hende og at ein la store flate steiner ut mot vindskeierne, det var for å verne seg mot at vinden skulle få tak på nevra og torva og rive det opp. |  |  Teikning av tunet med alle husa 1898 | 
 Bruk 11, Truls|  |  Forstørra utsnitt av bilde fra 1894 som viser Nystova, Gamlestova og Stabburet på Sjurebruket | 
 
     Bruk 6, Sjure1 Nystova2 Staburet3 Masstova19 Veslelada med vedahus20 Fjøsen21 Stova24 Lada 
     Bruk 3, Magne4 Staburet5 Stova6 Nystova7 Smalefjøsen22 Fjøsen23 Grisehus25 Lada26 Stallen106 Eldhuset 
     Bruk 15 Halstein8 Masstova10 Grisehus og vedhus17 Staburet18 Stova29 Lada30 Skot til lada37 Veslelada med smalefjøs38 Stall og strørom39 Fjøsen 
     Bruk 14, Arne9 Smalefjøsen11 Grisehus12 Nystova27 Lada28 Stallen33 Fjøsen med lade over40 Stova 
     Bruk 4, Antuns13 Stova14 Nystova15 Smalefjøsen16 Staburet42 Do43 Grisehus47 Lada 
     Bruk 8, Framigard31 Lada32 Stallen34 Fjøsen35 Veslelada36 Smalefjøsen41 Nystova44 Stova45 Grisehus og do46 Staburet 
     Bruk 1, Erke49 Lade53 Stova56 Grisehus og do57 Staburet69 Nystova83 Prestestova105 Eldhuset 
     Bruk 5, Isake50 Masstova51 Stova52 Smalefjøsen87 Fjøsen88 Grisehuset90 Stova91 Staburet92 Lada 
     Bruk 16, Innigardsbruket54 Lada55 Grisehus og strørom63 Nystova64 Do65 Stabburet66 Stova 
     Bruk 7, Mons58 Staburet59 Lada60 Grisehuset61 Stova62 Nystova67 Masstova68 Eldhus 
     Bruk 10, Knute70 Do71 Stabburet72 Stova73 Fjøsen80 Veslestova81 Nystova98 Smia104 Lada 
     Bruk 13, Lønda74 Nystova76 Stabburet77 Stova94 Fjøsen med lade over95 Smalefjøsen med lade over99 Smia103 Grisehus 
     Bruk 2, Markus79 Nystova96 Stova97 Stabburet102 Lada 
     Målarplassen
        Hogaplassen
        Loøyra
        Lokyrkja82 Smalefjøsen og vedahus84 Nystova85 Stova86 Fjøsen89 Staburet93 Lada Då utskiftinga var ferdig i 1898 vart det stort omskifte med husa. Han Ola måtte fløtte alle fjøsane og stallen og lada, og det bygde han alt saman under eitt tak. I 1900 og 1901 bygde halvdelen av bøndene i Loen seg nye ladebygningar. Han Ola var redd for å få for store kontante utlegg, og fjøsane var jamt over i god stand. Han tok då kufjøsen, smalefjøsen og grisehuset og sette det inn i ladebygningen som han bygde. I stallen var det dårlegare materialar og der nytta han berre den beste timbreveggen på eine sida, og på ei side nytta han veggen i kufjøsen, og på dei andre sidene hadde han dubbel tjukn med bord, og brukte halm til isolasjon mellom bora. Under kufjøsen hadde han gjøsselkjellar, med fine gråsteinsmurar og støypt golv i botnen. Til taktekkje på lada nytta han alnsheller frå Utvik på den eine sida og på den andre sida panne. Etter denne omskipinga hadde husa i tunet minka ned til stove, nystove, stabur og lade. Dei andre husa på garden var som før. Då ein kring 1900 slutta med skogaslåtten var det ein man frå Olden som heldt fram med vår slått på Kleiva, og han hadde tilsyn med taket på så den stod til etter 1930. Ved utmarksutskiftninga i 1928 vart Sjurebruket fløtt bort frå alle teigane i Lovik, og fekk ny teig i utmarka til beite og dyrking, og då vart Vikalada reva. I Loenulukka i 1936 vart kvernhuset bort reve, og nytt vart ikkje bygt. Gardfjøsen vart og skada i ulukka og vart fløtt til det nye kulturbeite, og då vart det nytta bølgeblekk til tak. Då riksvegen i 1960 åra vart omlagd igjennom Loen vart nausttomten teken til veggrunn og naustet måtte rivast. |  |