Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 80 Sæten

Tiende og landskyld

I 1519 legg Magnus (Mogens?) i Setter(!) 3 1. s. i tiende- pengar og 2 1. s. for jordegods. I 1522 legg han 10 mk. i brevbrudd. Han var vel einaste brukar på garden då.

I 1563 har garden to skatteleggjande menn, Laurits og Rasmus Settenn, som kvar legg 1 dl. i leiglendingsskatt, og Rasmus legg dertil 1/2 dl. 9 skill. for jordegods. Laurits (eller Lasse) Mogenson er lagrettemann i 1584. Av eit dokument frå 1615 ser vi at Laurits, som då var død, hadde desse borna: 1. Rasmus Seten, då død, 2. Eirik Heggestad, 3. Jakob Loen, også død då, 4. Guri, g. m. Anders P. Sunde, Olden, 5. Maritte, då ug. Desse syskena og deira arvingar selde d. år 1 pd. i Sæten til Rasmus sine søner Oluf og Sjur.

I 1.567 svara Settenn 2 geitsk. 2 bukkesk. i leiding. Etter det var landskylda då ikring 3 laup smør.

Landskylda var frå 1600-årstalet 5 1. smør, men skatteskylda vart i 1667 sett til 4 1/2 1. I 1734 vart skylda nedsett med 1 1/2 1. av di garden då hadde lide stor skade, særleg på markeslættene og féhamna.

Jordboka frå 1626 seier om garden at han då var «god til avling». To brukarar var «temmelig formuende», dei andre tre hadde «ganske ringe formue». Det var då mange luteigarar om garden. I 1661 hadde han to kverner, eit minne om då garden var berre to bruk. Matrikkelnemnda i 1723 fann at han låg farleg til for skred, men gjorde ikkje framlegg om noko avtak.