Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 80 Sæten

Skade og avtak i skylda

Ikring 1730 leid garden mykje skade, og difor vart det halde åstadsgransking den 6.11. 1734 over all den jordskade som garden gjennom lange tider, men særleg dei to siste åra, hadde lide på dei beste utmarkslættene sine (og til dels innmarka med) av snøfonn, vasslaup og fjellskred. Brukarane gav opp at fodnaden på garden då var 2/3 mot før, og dei såg seg ikkje syn med å verte buande på, garden om dei ikkje fekk ei rimeleg avfelling på skylda. Då dei ikkje til fullnad kunne gjere greie for all skaden og heller ingen til fullnad kan tru eller tenkje seg kva skade dei har lide, søkte dei stiftsbefalingsmannen, admiral Ulrich Kaas, om det kunne verte nedsett ein åstadsrett til gransking av skaden og nedsetjing av skylda. På det resolv. Kaas 14.8. 1734 at fut og skrivar skulle la ein åstadsrett sjå over skaden og gjere framlegg om avfelling, som stiftsbefalingsmannen så ville sende til kongen til stadfesting.

Åstadsretten - skrivar P. Schonvig og 6 lagrettemenn granska skaden, og fann at brukarane hadde rett i klaga si. Høyavlen hadde minka med om lag 20 kufor, d. e. om lag 1/3 av garden sin høyavl. På åkeren var ein skade som svara til ein mæle såd. Retten fann vidare at garden hadde «stor besværlighed» med høyavlen, då dei beste slættene og féhamna låg på begge sider av vatnet over ein fjerding frå garden, og mesteparten av høyet og avdråtten av krøtera måtte først berast på ryggen og sidan førast i båt til gards. Særleg fann retten at plassen «Brevig» (d. e. Breng), som i fordoms tider var ein laup i landskyld og som var lagt under Sæten då matrikkelen vart skipa, av snøfonn, elvalaup og fjellskred «var mesten ruinert» og øydelagd, så han no var av liten nytte mot før, då dei der hadde beste slått og féhamn heile sommaren. På sørsida av vatnet var og før framifrå gode enger og slåttemark, men no var dei der og mest øydelagde og bort-tekne. Retten nedsette difor landskylda frå 5 laup til 3 1/2 1., skatteskylda frå 4 1/2 1. til 3 1. (Skatten altså nedsett med 1/3.) Leidingen vart nedsett frå 9 til 6 geitskinn, korntienda frå 5 1/2 tunne korn til 5 tunner, butienda frå 2 1/2 bismerpd. til 1 2/3 bismerpd. smør.

Fodnad og avling har sidan gått monaleg fram. Fodnaden har tviauka, og kornavlen er meir enn firdobla. Få gardar i Nordfjord har vel så gild krøterhamn som Sæten. Dei har to setrar, Breng på nordsida av vatnet og Nesbøen på sørsida. Her ligg dei med krøtera heile sommaren, 14 dagar om gongen på kvar stad.