Nordfjord - Loen sokn - SætenBilde - Kart - Tekst

Sæten

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 80 Sæten

Strid, semjer og jordskifte

I 1740 vart det dømt i ei odelstrette mellom Ola Larsson på br. nr. 5 og Salve Simonson på nr. 7. Striden, som hadde gått sidan 1700, hadde opphavet sitt såleis: I 1690 vart det gjort semje mellom Sjur Rasmusson og broren Ola, søn. til Rasmus Sjurson på nr. 7. Etter denne semja let Sjur, som var den eldste, men vanhelsa, broren Ola få åsete- og odelsretten til 2 pd. i bruket, og sjølv heldt han att 1 pd., då han kjende seg for lite helsesterk til å styre og bruke heile bruket. Ola, som åtte 16 mk. av dei 2 pd., løyste resten frå fire systrer, gav Sjur 6 «slette» dl. for retten og fekk skøyte på godset. Det eine pundet som Sjur heldt att, skulle han og kona hans bruke si levetid. På grunnlag av semja fekk så Ola 1700 skøyte på 2 pd. som han dels hadde arva, dels løyst frå systrene og Jakob L. Indre-Nesdal. Men Ola døde i 1701, og då enkja hans, Dorte Kolbeinsd., gifte seg att med Lars Sjurson Sæten, vart det gjort ny semje mellom dei og Sjur. Dei skulle gje Sjur 7 rdl., men det pundet han brukte skulle han og arvingane så ha til æveleg odel og åsete utan påkjæring. Den som rippa opp i denne semja, skulle svare 10 rdl. til den andre parten. Enno vart det ikkje stilt med striden. Sjur sin verson Salve Simonson anka på semja, og «for freds og roligheds skyld» let Dorte og Lars i 1721 Salve få eit halvt pd. av bruket deira til kjøps for 15 rdl. Godset vart utmælt og tillagt Salve sitt bruk. Men enno var det ikkje ende på striden. I 1740 var det åstadssak på garden, og då vart det avsagt dom i tretta. Salve sitt odelssøksmål vart avvist, og ifall Salve ikkje no gav seg og heldt opp med påkjæringa si, ville retten døme han til ei høveleg mulkt til justiskassa. (Etter dok. på garden.)

I 1741 vart åkrane bytte etter krav av brukarane på nr. 6 og 4. Åkrevindda var då i alt 159 791 rutealner = om lag 64 mål. På kvar laup skatteskyld vart det om lag 14 1/4 mål. I alt er nemnde ikring 40 åkrar. Dei var: Storåkeren, Reina, Myra, Haugsvad-åkeren, Espåkeren, Storsteinåkeren, nedste og øvste, Nylenda, Nylenderumpa, Hauane, øvste og nedste Storåkerskallen, Rognåkeren, Fjøsbakken, Seljebakken, Litleåkeren, Litlerumpa, Humlegarden, Fjøsåkeren, Stabbursåkeren, Kristiåkeren, Heggåkeren, Gjølrumpa, Holeåkeren, Vassendeåkeren, Vollåkeren, Skarpæte, Bakkestykket, Håreina, Høgereina, Rundåkeren, Andåkeren, Kornkvia, Grovåkeren, Rullebakkåkeren, Kvieåkeren, Danielåkeren. Storåkeren var ikring 8 mål og var største åkeren. I den fekk alle kvar sin lut.

Semjer vart gjort 1803 (tingl. 22.10. d. år) mellom Sæten og Loen om skogen og merkeskila, og i 1874 mellom Sæten og Sande om merkesgard mellom Sande og Breng.

Garden vart utskift i 1895. Fem brukarar flytte ut. No har dei fleste bruk nye hus. Før var det ymse gamle hus på garden. Somme av dei var eldgamle. Stova på Olabr. (nr. 3) var sikkert fleire hundre år gammal, truleg frå 1400-årstalet. Ho vart kjøpt til bygdemuséet i Nordfjord, der ho no står. Opphavleg var ho ei av dei største og gildaste stovene i Nordfjord. Sist vart ho nytta ei tid til stall, sidan til smidje.

Opphavleg var garden bygt i to tun, Oppigard og Nigard, som enno er bruksnamn og minner om den tid då garden var berre to bruk. Dei andre bruksnamna er etter brukarar og er (med unnatak av namnet på Olabr.) nyare namn. Ættelinene på bruka er til dels gamle. Eldste ætta sit på nr. 1 og 7. Om nokon av desse ættar frå Ellend og Jon i 1400-årstalet er uråd å seie.