Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Andreas Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Andreas Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 9 Eit nytt århundre med fridom og framgang

Fruktdyrking

Andreas var og interessert i fruktdyrking. Han braut opp og fekk seg ein hage ned på Øyrabakken. Saman med Helge Loen skreiv han heim fleire nye sortar som dei tok i bruk. Gravenstein var hovudsorten no som før, men no tok dei og til å dyrke Torstein, og Koks Pomona var ei tid dyrka ein del. Åkerø tok seg svert opp og sameleis Signe Thelis.

Av perer var Keisarinne pera den viktigaste frå før, men Gråperer vart no gjev saman med Grev Molke og Dubbel Phillip. Han Andreas prøvde seg med alle desse sortane, også ein del plome, Reine Clode og ein sort som han kalla for Abrikosplomer.

Andreas planta og ein del bærbusker. Av stikkelsbær fekk han ein ny sort med store raue og gule bær. Han planta og ripsbær og solbær, og i den nye hagen fekk han eit felt med bringebær.

Det synte seg at med godt stell var det gode vilkår for frukt. Det vart difor mange som la seg etter fruktdyrking, og fekk seg nye hagar då etter utskiftninga var ferdig. Alle bruka hadde sin frukthage.

Helge Loen var det som hadde den største kunskapen og interessa for fruktdyrking. Andreas var og svert interessert i dette innslaget i gardsdrifta, og han lærde mykje av Helge. I heile amtet var Helge Loen kjend som ein fagmann på dette området. Han var ein framifrå fruktkjennar og han hadde mange slags vokstrar i hagen sin. Han dreiv mykje med okulering og poding og han for i fleire bygder og gjorde dette arbeidet til folk. Eit av dei første åra etter 1900 hadde han eit stipend av Nordre Bergenhus amt landshushaldningsselskap for å studere fruktsortar og fruktdyring i landet. På den turen var han og inn om Ås landbrukshøgskule. Han var og prisdomar på fruktutstillingar som dei hadde i Nordfjord.

Hausten 1908 var det ei stor frukt utstilling på Nordfjordeid. Det året hadde det vore ein god sommar så frukta var godt utvikla. Og dei nye sortane som Andreas hadde planta var då komne så langt at dei var på det beste med å gje god og pen frukt. Serleg Sefstaholm var stor og fin det året. Han Andreas laga ein stor utstillingskasse med bur for kvar sort, ein 8-10 sortar, og stilte ut gruppe av frukt. Han fekk 1. premi for denne gruppa. Utan om han fekk og Helge Loen den utmerkinga, men då han var prisdomar, så kunne han berre få graden utan å få nokon premi utbetalt. Han Andreas fekk ei sølv spiseskeid i premi med inskripsjon frå utstillinga med årstal. Det var ein del andre frå andre bygder som fekk 1. premi for einskilde sortar. Der var og utstilt grønsaker og andre ting.