Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Andreas Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Andreas Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 9 Eit nytt århundre med fridom og framgang

1905, Olina fødd, moblisering

I bygdene vart det etter kvart ei nasjonalkjensle som greip dei fleste. Og då 1905 kom var det spente tider. Dei skjøna at no var det kome så langt at ein måtte vere viljug til å gå til grensa, om ikkje unionen med Sverike let seg løyse på anna vis. Dei unge i Sjure hadde vore med i den flokken som gjekk inn for full fridom utan sams konge med Sverike. Og no kom alvoret og melde seg. Han Andreas hadde vore på bataljonsøving på Nordfjordeid før på året, og ho Marte hadde streva heime. Ho Olina (fødd 4.4.1905) var koma til verda den våren, og han Ola var knapt to år gamal. Men han Gamle-Ola var full kar i altslags arbeid på garden.

No gjekk dei kvar dag og venta på at mobliseringsordra kunne kome. Den dagen det kom melding om at telefonen skulle vere open heile døgnet, og alle i vernepliktig alder skulle vere klar, skjøna dei at no skulle siste avgjerda takast.

Han Andreas pakka ryggsekken, og dei vakte begge to heile den natta. Dagen etter fekk dei vita at kanskje kom det til å gå over utan krig. Dette var eit år med mange dramatiske hendingar. Aret hadde teke til med den store Loenulukka 15. januar 1905, då gardane både i Bødal og Nesdal vart øydelagde, og 61 menneske sette livet til. Dei nærmaste slektningane som Sjurane hadde der opp i Gjerstun og Raudi kom med livet frå ulukka. Dette var den fælaste ulukka som nokon hadde opplevt, og heile bygda var i sorg. Lodølene i Bødal og Nesdal vedtok å byggje opp igjen gardane sine. Dette året gjekk elles med i den fridomsbylgja som gjekk over landet. Først var det den store otten for krig, og så gleda då fridomen var vunnen utan krig. Det var folkeavstemning og gledesfestar. Alt dette var dei unge på Sjurebruket med i, men dei hadde og sine eigne gjeremål å ta omsyn til. I Sjure auka barneflokken med enno ei gjente, Karen (fødd 16.5.1907). Ho var oppatt kalla etter bestemora, Kari, på Skarstein.