Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Andreas Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Andreas Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 9 Eit nytt århundre med fridom og framgang

Fesjå og oksar

Budråtten av fjøsen kom etter kvart til å få meir å seie for inntektenepå gardane. Og Nordre Bergenhus amts landshusholdningsselskap tok til å halde fesjå eller "dyreskue" kring i bygdene. Etter kvart vart det auka interesse for desse fesjåa. Han Andreas hadde stor interesse for krøteravl, og han fekk seg tak i kalvar og kyr frå gode budskapar. Ho Marte var og interessert i å stella dei vel. Det synte seg at med godt stell så auka budrotten, og ein fekk meir smør til sals.

Utstillingsdagen då desse fesjåa vart haldne var ein festdag for dei fleste i bygda. Dei møtte med kyrne inn med sommarfjøsane på den vesle leikeplassen att med skulen. Den dagen hadde han Andreas vore i fjøsen og kosta og pussa kyrne noko ekstra. Det var mange som hadde møtt fram med kyrne sine, så der var ei stor forsamling med folk og kyr. Amtsagronom 0. Bruskeland saman med to bønder frå ei anna bygd var prisdomarar. Dei gjekk ikring og såg på kyrne og handfor dei og såg på jur og mjølkemerker. Til sist kalla dei alle dei kyrne som dei hadde teke ut som dei beste fram og stelte dei opp i ein ring. Då amtsagronom Bruskeland kom med sløyfene såg dei at han hadde ei kvit sløyfe i handa. Spaninga vart då stor om kven det var som skulle få den. Han gjekk beint bort til han Andreas og bad han leie fram den eine av kyrne. Det var ei svart ku med kvitt hovud og nokre kvite flekkar på sidene. Den var kjøpt som ungdyr med plassemannen Børre Sande (Vassenden). Og den var det som no skulle ha den kvite sløyfa. Det var den einaste som fekk 1. premi, og den første kyra som fekk slik

Det var ei staseleg ku, og det var mange som tinga på å få kalv etter henne. Men dei hadde ikkje held og lukke med henne. Det var ikkje mange kalvane dei fekk av henne før dei måtte slakte ho. Men dei hadde ei kvige etter henne som teikna til å verte like god som mara. Men så låg ho daud i kvernaveita inn med brua . Og med det var det slutt på den slekta hjå dei.

Sidan kjøpte han ein kalv hjå Magnus Rise i Stryn. Han hadde ein gild buskap. Det var ei vakker grå hornet ku, Grådua, som dei fekk mykje glede av. Ho fekk 2. premi mange gonger, og ho fekk mange gilde døtre etter seg.

Dei fekk og igang eit stuteavlslag i Loen, og han Andreas var med og fekk det i gong. Det var svarte eller grå hornete oksar dei hadde, og mange av dei hadde 2. premi. Av denne Fjordfe rasen var Gråmann Kron ein av dei mest kjende i den første tida dei tok til med stutavlslag, og han sette merke etter seg på buskapane i desse bygdene, og var far til mange lagsuksar. Lurifaks var første oksen dei hadde her i laget, og han var ein son etter Gråmann Kron. Han var ein god okse i avlen. Det vart mange velskapte og vene kyr etter han. Men den gongen var ikkje kontrollaga komne i gang, så ein var meir usikre når det galdt mjølkeevna. Med fjøskontrollen vart det ein stor framgang når det galdt å velje ut gode avlsdyr.

Av gode oksar som har vore i fealslaget i Loen kan nemnast: Fingubben, Bergegråen og Staut. Alle desse oksane hadde 2. premi. Då ein gjekk over til raudkoller fekk ein Vesle-Bryn, han var etter 1. premi oksen Bryn. Det synte seg at Vesle-Bryn var sers god i avlen, døtrene var gode mjølkarar og hadde god feittprosent.