Nordfjord - Loen sokn - BødalBilde - Kart - Tekst

Bødal

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 77 Bødal

Namn, opphav og bruk i mellomalderen

Namneformene Bær: gard, eller Myklabær (Myklabø): den store garden, vert bruka jamsides i mellomalderen. Sistnemnde forma er brukt ned til midten av 16. århundre. Frå 17. århundre av vert namnet skrive og sagt Bødal. Dei nyare matriklane har Bødalen. Den gamle forma Myklabø burde verte brukt att, då ho er særs høveleg. Bødal er vel opphavleg namn på dalen som går frå garden inn under breen.

Garden er sikkert ein av dei eldste i sokna. Gravfunn kjenner ein lite av. I ein gravhaug, Brøhaugen, fann dei ymse frå eldre jarnalder: eit spyd, perler, beksel, handkvern, sverd o.a. Garden er nemnd i ymse mellomalderskjelder.

Bj. K. seier at prestebolet i Loda då åtte ymse gods i Bø: i Gerdisjordu 1 laup, i Kleppaluta ½ l., i Karildarluta ½ l., i Breidzjordu 2 tveitar; Alda prestebol åtte 1 m.m.b. i Bakkatun, som Olaf Breidr hadde gjeve; dessutan åtte same prb. tvau tveites leige i Bø.

Her er eit av dei få høve der ein får vite noko om einskilde bruk i mellomalderen. Då det er så mange einskilde bruk her i den tid, har vel garden vore større og betre enn i notida. Fanatunum er dat. fl. av Fanatunir. Første parten av ukjent opphav. Andre parten fl. av tun. Bakkatuni, av bakke og tun, her i dat. eintal. Kleppaluta og Karildarluta er begge samansett med luti (hluti) avbrøytingsform av lutr (hlutr): lut, lot, part. Kleppa er gen. flt. av kleppr, fjellknatt; Karildar, gen. av kvinnenamnet Karhildr.