Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Funn og gamle kjelder

Loen er ein gamal gard. I Aaland si bygdebok om Innvik - Stryn, utgåva av 1973 side 31 finnvi: "Funn og minner fra Oldtiden av Haakon Schetelic,: Det eldste spor som folk har etterlattseg i Indre Nordfjord, er en par steinøkser av meget gammel form, den ene fra Loen, denandre fra Muri i Olden. Både formen og arbeidsmåten viser et redskap som hører til tidsperioden omkring 4000 år før Kristus." Der er og gjort mange gravfunn, og aust for husa til Clarence Sande inst inne mot Hagedalen er der nokre slike graver frå eldre tid som er godt synlege og no er freda av Bergens Museum.

Gjennom gamle dokument finn vi ymse ting om utviklinga på garden, både i Bjørgvin Kalvskinn og Munkelivsboka.Alt i mellomalderen var det bygt kyrkje i Loen. Segna fortel om eit steinkors som no står på kyrkjegarden, at det tidlegare stod ut ved sjøen i Korsvik..Det seiest å vere frå den første kristne tid..Alt så tidleg som i 1367 var Loen delt i to tun, eit ovan for kyrkja og eit nedan for. (Bygdeboka side 579). Ein veit om at det har vore tre kyrkjer i Loen. Den siste vart bygd i 1837.