Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Hendingar i Sjur Rasmussen si styringstid

Sjur Rasmusson er den einaste som har hatt namnet Sjur på dette bruket, så etter han har såleis bruket fått namn. I den tida han styrde var dei utsette for fleire store skred både på nordsida og sørsida av dalen. (Etter bygdeboka side 580-581). Loen har lede "Merkelig" skade av svor frå "det forferdelig store fjeld nordenfor gården" Bumarka var øydelagd og sameleis skog og slåtter og høylader. Såleis vart ei høylade i 1701 øydelagd på en stad som dei trudde var heilt trygg.

Før 1702 gjekk og den store vassdemma på sørsida. Det losna på fjellet innanfor Auflemsetra, og gjorde stor skade på skogen og tok stein og jord og tre med seg. Noko kom ned der vi no kaller Svora, men det meste gjekk ned gjølet vestanfor Svora, og det gjekk ut over store deler av dei store flatene i Lovik og yrde dei ned med stein og grus. Det er først i våre dagar at det har vorte opprydda, og ovan for vegen ligg enno steinen igjen som kom den gongen.

I 1702 vart det halde avtaksforretning i Loen. Dette vart gjort etter at Hugleik Tungøen saman med Johannes Kvame i Oldedalen hadde vore til København med klagebrev frå bønder i Oppstryn, Stryn, Loen og Olden. Retten fann at Loen hadde lede stor skade, men avtaket var berre på 3 laup for heile garden.

Rundt 1700 høyrer vi at sildefisket hadde lede stor skade av elvabrot og grus frå Storelva. I 1702 fann retten ut at beste sildekastet var øydelagt, og dei fann at det gode fisket, som der hadde vore frå gamalt, var det som gjorde at dei hadde så stor skyld på garden og dei fann grunn til å gjere avtak på skylda. (Bygdeboka 580-581). Mange av brukarane var så utarma at dei hadde "undveget" garden, slik at det var jamnt bruk som låg øyde.

Det er rett at sildefisket og fiske i det heile har tidleg vore drive i Loen. På garden hadde dei ei felles stor sildenot som dei åtte. Det var serleg sist på sommaren og om hausten at dei dreiv sildefiske. Men ho vart også av og til brukt etter anna fisk. Det er fortalt at til gravøl og store samkomer var dei ute med storenota, for å få fisk til gravølsmat eller gjestebodsmat. Det vart brukt til lagt fram i 1800 talet. Dei hadde også små kastenøter. Det var då helst 2 eigarar om kvar not. Sjurebruket og Trulsbruket var dei siste som hadde slik not saman. Dei hadde den i lag til første verdenskrig. Serleg om våren tok dei ein del øret med denne nota.

Ein stor brand opplevde Sjur i grannelaget medan han var brukar. I 1714 natt til 14. desember brann 4 hus på Trulsbruket. Det var nærmaste grannen til Sjur, og husa stod svert nær i saman i den tida. Det vart ei syrjeleg natt. Ola Torson Raudi som budde med Trulsane den natta brann inne. Det var stor fåre for at fleire hus kunne stryke med, husa hans Sjur stod også i fåre, men dei greidde å berga det slik at det var fire hus for Trulsane. Dei miste mykje innbu og klæde, men korkje lada eller fjøsane brann ned, og husdyra vart berga.