Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Kverner

Rasmus Rasmusson vert verande i tenesta til futen Peder Jørgensen og truleg og med Jørgen Post så lenge dei dreiv eigedomane. Då dei slutta i 1650-60 åra vart han leiglending og brukar av Sjurebruket, som far hans hadde dreve før. Medan han styrde bruket vart det bygt kvern i Loen. I ei melding frå 1661 vert det fortalt at Loen hadde 2 kvernar. Dette var ein overlag stor framgang, då dei kunne få mala kornet sitt til mjøl med vasskraft. Dei første kvernane stod i den vesle dalen nedan for husa til Clarence Sande. Der heiter det enno Kvernhusdalen og Kvernhushola. Det var flaumvatnet om haust og vår dei måtte nytta, og då måtte dei nok male både natt og dag for å nytta flaumvatnet, for dei var 13-14 i alt, og Loen var kjend for å vere ein god korngard.

Seinare fløtte dei kverna inn til Kleveledet i merke til Sæten, der nytta dei vatnet frå Loelva. I førstninga av 1800 talet bygde dei demme i Lofossen og tok fram vatnet i ei veit til bruk for kvernane. Det vart bygt 3 kvernar. I den første opp mot fossen var det 5 brukarar frå Nigar. I midtkverna var det Erkebruket, Markusbruket, Sjurebruket, Monsbruket og Framigardbruket. Til den 3. kverna høyrde 4 mann frå Oppigard. Desse kvernane vart revne bort av Loenulukka i 1936.