Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Sjur Rasmussen og Lokyrkja

Denne kyrkja var ei fattig kyrkje som hadde små inntekter. (Bygdeboka 115-116). Jordegods hadde ho berre i Ytre Nesdal og Sande, og det gav årleg 4 ort. Kyrkja sin part av korntienda 2 t. blandkort verd kring 8-10 ort, og 6 t. havre verd kring 5 rdl. Av kyr åtte kyrkja 6 i 1660, og det gav ei inkome på 2 rdl. Butienda var 1 våg smør 12 mk. ost med verdi av 1 rdl. 4 ort. 12 skilling.

Av gravleggjingar i kyrkja hadde ho og få og små innkomer. I rekneskapen er nemnd 3 gravleggjingar. Det var Knut Loen med kona som i 1710 vart gravlagd under stolane for 4 rdl, og dottera som i 1719 også vart gravlagd under stolane for 2 rdl.

I alt hadde kyrkja ei innkome på frå 8 til 12 rdl. årleg. Dette var for lite inntekt til å dekkje utgiftene ved skade eller vanleg vedlikehald som melde seg kvart år. Vedlikehaldet vart og større på grunn av at kyrkja var svert gamal som ho var då Sjur var ombodsmann. Av større utlegg som han hadde var byggjing av nytt tårn i 1707. Av Salve Sande og nokre andre fekk han i alt 3 rdl. til dette arbeidet. I 1711 og 13 vart det bygt nytt våpenhus av stavverk, like stort som det gamle som hadde blese ned i ein storm. I 1720 - 22 vart det lagt nytt tak på søre sida av kyrkja. Dei fekk og ein ny benk i koren og vølte tralene kring fonten. Kyrkja var då i 1722 komen opp i ei skuld til ombodsmannen Sjur Rasmusson på 20 1/3 rdl. Han ville då ikkje vere ombodsmann lenger utan å få igjen dei pengane han hadde lagt ut. Kyrkja vart då den 7.8.1723 av futen på kongen sine vegner boda fram på hausttinget og seld på auksjon til bonde og kyrkjeombodsmann Sjur Rasmuson Loen for 19 rdl.

Året etter selde Sjur ein halvpart av kyrkja til svogeren Lars Jakobson Indre Nesdal. Etter at Sjur var død, og enkja Kari åtte den eine halvparten, vart krava om vedlikehald så store at dei to eigarane såg seg ikkje syn med å ta dei på seg, og kyrkja kom på nytt på auksjon i 1728, og var seld på tinget til Peder P. Sunde for 2 rdl. Ein dalar fekk Kari, den andre vart lagt til fatigpengar, då Lars ikkje ville ta imot dei.