Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Prest Jon Lauritzen og futar i Loen

Soknepresten til Lom, Jon Lauritsson (d.f. 1615) åtte m.a. også bruka i Loen. Enkja etter han, Lisbet Torsteinsdotter, erva Loen etter han. Ho vart sidan gift med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Ho er nemnd som eigar i 1624. Såleis kom futen til å verte eigar og brukar av gardane i Loen.

Vi veit at Peder Jørgensen og kona Lisbet budde i Loen, og segna seier at dei budde på br.nr. 14 Arnebruket, etter at han slutta som fut. Han dreiv truleg alle 6 bruka nedan for kyrkja, br.nr. 3 magnebruket, br.nr. 4 Antunsbruket, br.nr. 6 Sjurebruket, br.nr. 11 Trulsbruket, br.nr. 14 Arnebruket og br.nr. 15 Halsteinbruket. I den tida han var brukar vart truleg alle dei 6 løene i Nigar bygde under ei tekkje , og dei såg ut som ei reipebane står det i Bygdeboka (side 583). Den gamle Arnestova, som det seiest futen budde i, var ei vanleg stor røykstove med kove og gang. Ho vart først reva i 1910. Då dei reiv henne fann dei små rom (nisjer) i muren i futekjellaren, og der var tre golv det eine opp på det andre. Dei 6 ladene stod og under ei tekkje like til utskiftninga i 1898, og dei vart revne kring 1900, med undantak av Arnelada som var reva før, då dei alt hadde bygt den lada som no står.

Etter Peder Jørgensen har futen Jørgen Post dreve dei same bruka og i tillegg til det Tjugen, og han og kona budde også ei tid i Loen. Han var gift med Sofie Jonsdotter, dotter til presten i Lom, og såleis stykkdotter til Peder Jørgensen.