Nordfjord - Loen sokn - HogrenningBilde - Kart - Tekst

Hogrenning

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 1. Frå gamal tid.Dei første brukarane på Sjurebruket (før 1700)

Minner etter embetsfolka i Loen

Til minne om desse embetsfolka som budde her har vi ymse ting i Loen kyrkje. Eit bilæte av Jesu dåp har bokstavane P.j. 1642. Det er sikkert namnebokstavane til Peder Jørgensen, og såleis ei gåve frå han. Det seiest at både han og kona døde her i Loen. (Bygdeboka side 129). Eit anna bilæte er av Maria Møy med Jesubarnet. Der står skreve: Maria Mater, og bokstavane J.P.S.J.D. anno 1675. Dette er namnebokstavane til Jørgen Post og Sofie Jonsdotter. Der har og vore ein kyrkjestol med namnet til Sofie: S.J.D.P. 1668. Så har ein det vene kyrkjeskipet som heng i midtgangen i kyrkja. Det er eit krigsskip med fullt utstyr med kanoner og segl, - slik dei var på 1600-talet. Etter segna er det Sofie Post som har gjeve dette skipet til kyrkja, og materialane er tekne av ei selje som vaks opp på Tjugen. Kven som har laga dette verdfulle arbeidet veit ein ikkje. Her går også ymse segner om Sofie Post. Ho passa vel på at tenarane nytta vel tida og det seiest at ho sat med kikert ned på Tjugen og passa på slåttefolket når dei var oppe i Berget og Slettene og slo skogaslåtten. Der er og eit jordstykke frå Ingvald Mork sitt hus og opp til Odd Loen sitt som heiter Soffimyra.