Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Ola - politikk og arbeid

Ola var venstremann all sin dag. Det var ei politisk innstilling han hadde teke i ungdomen, og den heldt han fast med, men han la seg ikkje serleg fram i korkje bygdepolitikk eller andre politiske saker, anna når han gjorde si borgarplikt til kvart val, og gav si stemme. Av aviser hadde han lokalavisa "Nordfjord" frå det kom ut og så lenge han levde. Det var ei høgre avis, og han les henne vel kvar gong den kom ut, men det hadde ikkje nokon innverknad på hans politiske standpunkt.

Han kom ikkje noko serleg med i styr og stell i komunen. Det var einast i Stryn Sparebank, der vart han tidleg vald inn i forstandarskapet, der vart han med like til han gjekk av for alderdom.

Det var i Stryn møta var haldne, og der til rodde han saman med dei andre frå Loen til vegen vart bygd mellom Loen og Stryn i 1906. Sidan gjekk han til Stryn, det var 11 km. Og han gjekk attende når møtet var slutt. Som oftast gjekk han inn til ein bakar og kjøpte for nokre øre i kringle eller sukkerbrød, det hadde han for det meste med seg-heim og gav det til borneborna i Sjure.

Om sommaren likte han å vere tidleg oppe og gå på slåtteteigen. og etter som han vermdest opp av slåtten så hengde han først frå seg hua eller hatten på ein hesjestaur, noko etter gjekk vesten same vegen og så ermetrøya (ei ulltrøye) på endå ein hesjestaur, og han gjekk igjen med ei kvit leretsskjorte. Alle desse klæplagga var ofte komne på plass på hesjestaurane når hans eigne folk og grannane kom ut på slåtteteigen. Han var ein god slåttekar og likte seg alltid godt med arbeidet.