Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Olina og Monsbruket

Ho Olina (fødd 9.8.1867, død 3.6. 1921)var den elste av borna. Ho kom tidleg i gang med arbeid på garden, både inne og ute. Stor og sterk var ho og ho likte godt å ha eit arbeid i hendene. Ho var koma så med i arbeidet, så mora trengde henne heime. Ho gifte seg med Mons Loen (fødd 20.10.1877, død 29.10.1948). Han hadde nett overteke garden og var kring 20 år då dei gifte seg. Garden var mest lagt øyde av tuberkulose. Anders, far til Mons, døydde berre 30 år gamal. Kona, Anne Andersdotter frå Hogrenning, gifte seg att med Arne Jørgenson Nesdal, men det var ikkje mange åra før han og fekk tering og døydde 33 år gamal. Ho Anne laut no stræva med garden saman med borna. Ho Mari, svigermora, levde, men ho var over 70 år gamal. Han Mons, den elste av gutane var berre 13 år, men han var sterk etter alderen, og måtte stå i med arbeidet som ein vaksen. Så døde ho Anne før han Mons var 20 år gamal. Då stod han igjen med bestemora som den einaste vaksne med ansvar for garden og søskena sine.

Ho Sjur-Olina var nokre og tjuge år, og drivande i alt sitt arbeid. Det var nok eit vågespel å fløtte der til som alt var øydt av den snikande teringa. Men ho var modig og mandomsam, og ho tykte vel synd i han Mons, som hadde meir å stå i enn han vann over. Så fløtte ho til Monsbruket og vart husmor. Det var ikkje lenge før alt kom vel på stell igjen, og han Mons var ein snill mann, og flink til å hjelpe til både i fjøsen og der det trengdest. Tuberkulosen kom til å krevje fleire offer. Ein bror til Mons døde, og dei miste elste dottera si i konfirmasjonsalderen. Det var og den same sjukdomen som tok Olina. Då var ho 54 år, og alt var vel i stand på garden, og dei to borna som levde, var vaksne.