Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Antunsbruket- slekt frå Jørnbruket på Sæten

Antuns slekta hadde fleire gonger ved giftarmål kome inn i gamle slekter i Loen og Lodalen. På Antunsbruket vart det kring 1800 inngift ei Helga Jørgensdotter frå Jørnbruket br.nr. 7 på Sæten. På dette bruket er det ei ubrota line når vi reknar både manns og kvinnelina fram til Laurits Mogenson som var lagrettemann-i 1584. Truleg var Magnus (Mogens) far hans. Han er nemnd i 1519 og er velståande, og var truleg einaste brukaren på garden. Då er det ikkje langt attende til den rike Ulvhild Jonsdotter som i 1469 motok så mykje jordegods av far sin. Så her er vel nær slektskap.

Av eit dokument frå 1615 ser vi at Laurits då var død, og han hadde desse borna: 1 Rasmus som hadde budt på Sæten, men som var død, 2 Eirik Heggestad, 3 Jakob Loen, også død (truleg på br.nr. 5 Isakebruket), 4 Guri gift med Anders P. Sunde Olden, 5 Maritte då ugift. Desse ervingane selde då 1 pd. i Sæten til Rasmus sine søner Oluf og Sjur. Den første finn vi som brukar på Perbruket. (Sjå om Perbruket tidlegare side 16). Den andre Sjur (Siffuert) var på Jørnbruket. Om han står det at han var temmeleg formuande. (Bygdeboka s. 652). Men formuen på dette bruket kom til åa få ein hard påkjenning. Sjur vart landlyst for legermål med tremenningen sin. Tremenningar var så nær skyld at dei kunne ikkje gifte seg i lag i den tid. Og så kan det gå gale med to som har godhug for kvarandre.

Like gale gjekk det med sonen Rasmus. Etter at kona hans var død, vart han dømd fredlaus for legermål med tremenningen til kona. Han kunne ikkje gifte seg med henne, sjøl om kona var død, avdi det var rekna for nær slektskap. Vi ser her korleis dei kom ut for ei urimeleg lov som no for lenge sidan er avskaffa. Truleg har dei berga seg frå landsforvisinga med pengebøter. Sjur, sonen til Rasmus, må late frå seg deler av bruket til bror sin Ola, det vert br.nr. 5 Olabruket. Salve Simonson Haugen kjem då til bruket og gifter seg med Sigrid Sjursdotter. Ei dotter til dei gifter seg til Tjugen, og son hennar, Jørgen Knutson Tjugen, tek over Jørnbruket på Sæten med odel, med han ser det ut-til at velstanden er retta opp at på bruket. Han gifter seg med Sigrid Rasmusdotter Loen, truleg frå Sjurebruket. Dotter deira, Helga, er det som gifter seg med Jakob Antonson på Antunsbruket.