Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Antunsbruket - slekt frå Gjerstun i Bødal

Anton, son til Jakob og Helga, tek over bruket i 1833 og gifter seg med Kristi Olsdotter Bødal frå Gjerstunbruket, som er eit av dei elste bruka i Bødal. I Bj.K. som er ei jordebok frå 12- 1300 talet er der nemnt ymse gods: Gjerdisjordu, Kleppaluta, Karildarluta og Breidzjordu. (Bygdeboka s. 614). Aaland meinar at Gjerdisjordi er det som no heiter Gjerstun.

Dei gamle slektene i Bødal skal og ætte frå Audun Hugleikson, og etter segna er slekta til Audun koma frå Lodalen. Denne segna har ikkje noko historisk prov som no er litande å hal.de seg til. Segna seier det slik at ein spansk adelsmann måtte røme frå landet og kom her til Lodalen kring 1200. Det vart nemndt at det var i Nesdal han slo seg til. Det skal vere ein kårde som har gått i arv i slekta, som dei kalla spanskekården, og som skulle vere etter han. Der var og nokre sauer som dei kalla spanskesauer, og denne rasen skulle ha halde seg i Nesdal og Bødal. Der var og kome ned i Loen av den langrumpa spanskesauen. Dette er segna, men noko historiske fakta har ein vel ikkje å byggje på.

Det sikraste merke som viser attende til Audun Hugleikson, er det som står i Bygdeboka (s. 614-615) og som viser til at slekta til Audun Hugleikson åtte eigedomar i Bødal i 1300 talet. Einar Hugleikson åtte her eigedomar i 1360, og han var vel ein soneson til Audun. Og i eit diplom dagsett 25. januar 1367 ser vi at det vert halde eit makeskifte i Loen i Øvre tunet ovan for kyrkja, mellom Sigurd Isakson og kona Ragnhild med Øystein Simonson, på vegne av dotter hans Gyrid. Der Sigurd og Ragnhild fekk bytt til seg jord i Bødal mot å late ifrå seg eigedomar i Jølster og Breim. Denne Ragnhild er vel dotter til Einar Hugleikson og mannen hennar er vel son til, den Isak Helgeson som kjøpte og fekk skøyte på eigedom i Bødal, og no har dei auka eigedomane sine der med dette makebytet. Både Isak Helgeson og Einar Hugleikson skriv under som vitne på dette makeskiftet. Frå dei har sikkert slektene gått vidare i Bødal og Nesdal og dei nærmaste bygdene. Hugleik er ikkje noko vanleg namn, men det går ofte igjen i Lodalen og i Loen. Dette syner noko av korleis slektene her i desse avstengde bygdene vart samanbundne og gjekk opp i kvarandre.