Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Omgangsskulen og Martines Melheim

Det var omgangsskule då han vaks opp. Skulen vart halden rundt om i stovene, og utstyret til skulemeistaren var ikkje større enn at læraren bar det med seg i ei lita kiste eller skrin. Heile tida hadde han den kjende klokkaren og læraren i Loen, Martines Meleim. Han var frå Erkebruket i Bødal. Frå det bruket har det kome lærarar i mange slektled attover. Berre 19 år gamal tok han til som lærar og klokkar i Loen. I 1850 tok han lærareksamen hjå prost Koren, og vart då fast tilsett til lærar i Loen. Den stillinga hadde han til han slutta som lærar i 1880.

Han fekk rett til ein gard på Meleim i Olden og fløtte der til. Han var kjend for å vere ein dugande lærar og han fekk dette vitnemålet av skulestyret: "Han var ein framifrå bra og heiderleg mann" (Bygdeboka s. 198). Han var og nytta mykje som kjøkemeistar, og han hadde oppskrevne mange regler og brydlaupssongar. Han skreiv og opp segner og soger, dette er visst gått tapt etter at han døde.

Det var serleg rekning og geografi han Ola lika best. Det med geografi følgde han med i heile sitt liv. Han studerte lærebøkene med geografi både til borna sine og til barneborna, og han følgde med i voksteren av byar, skipsfart og næringsvegar. Det var ein gong då han var gamal at han sat og prata med ein handelsjøde, som for ikring og selde tøy. I samtala kom det fram at jøden tykte det var lite dei hadde sett og hadde kjenskap til dei som sat på ein liten jordflekk langt, langt inn i ein avstengd fjord. Dette harma han Ola og han spør: "Kan du seie meg kva som er høgste fjellet i Japan?" Nei der hadde ikkje handelsjøden vore, og han viste ikkje noko å svare på det. Men han Ola kunne fortelje han både kva det heitte og kor høgt det var. Han vaks i augo til jøden etter det, og dei sat fleire kveldar etter arbeidstid og prata og var jamgode og velforlikte.