Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Kristina, Andrine og Anders reiste til USA

Då Kristianna vart konfirmert og vaksa tok ho til å snakke om Amerika. Det var fleire som reiste dit kvart år her ifrå, og farbror Rasmus skreiv kvart år til han Ola, bror sin, og fortalde om kor godt han var komen i veg. Eit år hadde ho ordna seg med bilett, og for til Amerika. Ho skreiv flittigt heim, og om ikkje lenge kunne ho fortelje at ho skulle gifte seg med Elias Olsen frå Olabruket på Tjugen, ca. 1892. Han hadde teke seg land i Brimsmade i North Dakota, 360 acres.

Då Andrine vart vaksa fekk ho og svert lyst til å fare til Amerika. Det vart til det at ho skreiv til søster si, og fekk ordne det slik at ho fekk reise over til henne. Det ser ut til at det var mykje bruk for farmarkoner i North Dakota, og Sjuregjentene var både vakre og tiltaksame, og dei var vel vane til arbeid heimanfra. Andrine hadde ikkje vore lenge i Amerika før ho vart gift med Rasmus Løken frå Olden i 1899. Han hadde kome over og fått kjøpt land, 360 acres, i nærleiken av farmen til Elias Olsen. Dei to søstrene bodde side om side på prerien som farmarkoner.

Dei hadde og noko krøter i den første tida til dei fekk prerien pløgd og under kultur. Då gjekk dei over til meir åkerbruk, og det var serleg kveite dei dyrka. Det var skoglaust og dei sakna skogen som dei hadde heime. Elias Olsen som først var komen i gang, planta ein hage i eit lite bakkehall ikkje så langt frå husa. Kristine (som ho kalla seg då ho kom til Amerika) og Elias fekk ikkje born, og det var eit stort sakn for dei. Hjå Andrine og Rasmus auka barneflokken heller fort. Dei hadde 7 born, så det vart snart liv og røre på farmen. I den første tida samlast dei om søndagane og drak kaffi i hagen til Elias, og då gjekk vel ofte pratet om gamlelandet og hendingar heimanfrå, og hadde nokon fått brev så fortalde dei kvarandre siste nytt.

Noko seinare for også Anders til Amerika, til søstrene sine i North Dakota. Men han treivst ikkje så godt der, og tolde heller ikkje klimaet. Han reiste då til Tacoira på Stillehavskysten, der dreiv han fruktdyrking og fiske. I 1908 gifte han seg med Nellie Pederson. Foreldra hennar var frå Noreg, faren var vel frå Olden. Dei hadde 3 born, 2 gutar og ei gjente.