Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 4.2 Ola Anderssen(f. 1847)si styringstid. Familie

Antunsbruket- Helga Antonsdatter og Loøyra

Ei eldre søster til Olina, Helga Antonsdotter, vart 18 år gamal gift med bygdedoktoren, Mattis Olson Loen. Han budde på Loøyra, han hadde tidlegare vore gift med Thale Helene Larsdotter. Ho var av den kjende Ravn-slekta. Kaptein Johan Kristofer Kr. Ravn kom i 1749 til Loøyra og vart kaptein ved Strynske kompani. Han og 2. kona hans, Anne Sofie Mønnichen, er gravlagde i Lokyrkja. Dei var oldeforeldra til Thale Helene. Ho Helga var ei pen gjente og tidleg vaksa. Det seiest at Mattis Loøyra sa då ho var i konfirmasjonsalderen: "Du skal bli andre gifta mi". Då han hadde vorte enkjemann kom han til Antuns og spør om han kunne få Helga til kone. Det var ikkje så godt for ei 18 års gjente å gå og gifte seg med ein som var så gamal at han kunne vere far hennar, og han Mattis måtte gå utan lovnad om noko giftarmål. Men då han var komen eit stykke på veg kom han Anton, far hennar, ut på tunet og ropa etter han: "Du må kome igjen, Mattis, for no vil ho Helga." Mattis var kjend for dokteriga si både i Nordfjord og på Sunnmøre. Han gjorde ofte lange reiser til folk som var sjuke. Vinteren 1867 var han på dokterreis til Eid. Det var is på Hornindalsvatnet, og på vegen heim igjen gjekk han isen saman med fleire andre. Dei for då gjennom isen og drukna. Då bodet kom til Loen, reiste både Antuns Ola, som var bror til Helga, og Sjur Ola, som var gift med søster til Helga, til Skrede ved Hornindalsvatnet for å vere med og søkja etter å finne dei igjen. Men vatnet er på fleire hundre meter djupt, og dei som hadde gjenge igjennom isen vart ikkje funne.