Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Hogrenning

På Sjurebruket i Loen kan ein følgje den same slekta tilbake til 1723. Då kom Rasmus Olsen og Sigrid Håvardsdotter Strand inn på bruket som brukarar. På Rasmus si side er slekta bakover usikker. Sigrid si slekt kan ein følgje bakover på Hogrenning til midten av 1500 talet.

Her vil vi berre så vidt våge oss inn i det 16. hundreåret. Då finn vi ein mann på Hogrenning som heitte Erik, og som i 1563 legg 1 dl. i skatt. Sidan høyrer vi om at han var lag- rettemann i 1588. Men dette er ikkje det første mennesket vi høyrer om frå Hogrenning. Det er ei kvinne som heitte Sigrid som gav "tveite" som gåve til Lokyrkja. (Etter Jacob Åland si bygdebok for Innvik-Stryn er dette å finne i Bjørgvin Kalvskinn). Sidan får vi høyre om den rike bondeslekta på Sæten. I 1401 åtte Ellend og sonen Jon på Sæten 6 m.m.b. i Hugrenni, og i 1469 hadde Ulvhild, dotter til Jon, pant i eigedomen på Hogrenne til 9 m.m.b. Så er det at vi finn Erich på Hugrendinge som i 1563 legg 1 dl. i skatt. Soga let oss og få vite namnet på kona hans. Ho heitte Karin Hugrending. Erik var truleg død før 1602, for då får vi vita at Karin var brukar frå 1602 til 1624. Ho let først den eine sonen få halve bruket i 1614. Det som han fekk, er det som no er bnr. 1 på Hogrenning. Ein annan bror som heitte Håvard, fekk så den andre halva, og står som brukar der i 1625.

Det var ei gjev slekt som i den tid budde på denne garden, med di at Erik vart nytta til lagrettesmann. Det var bønder med godt omdøme og vørnad som fekk slike oppdrag, og det var ein føremun om dei og stod seg godt økonomisk og var sjølveigarar. (Aaland kan fortelje at "heile garden var bondeodel og brukaren si eign"). Men det hende nok at dei måtte setje garden i pant når det var tronge tider og uår. I 1626 vert det fortalt om at avlinga var ringe og garden låg under "fieldskreed". Det syner seg likevel at denne garden gjennom den tida vi kjenner ikkje har vore ute for store ulukker på folk og krøter, og det er dei same slektene som har halde fram til no.

På bruk nr. 2 heldt Håvard Erikson fram som brukar, og om han vert det fortalt at han åtte 4 mk. odg. i bruket. Kona hans heitte Bergitte. Det hadde vore gildt om vi hadde visst kvar ho kom ifrå, men det veit vi ikkje. Etter dei to heldt sonen Åmund fram. Han var fødd kring 1614, og han var brukar i 1653 Namnet til kona har vi ikkje funne, men vi får vite om tre av borna deira. Anders heldt fram som brukar på bnr. 2, og broren Håvard finn vi som brukar på Strand, bnr 2, det vi kallar Yste Strand. Han er gift med Ingeborg Andersdotter Rake. Dei har og eigedomar på Rake, som kona hans har fått. Søster til Anders og Håvard Hogrenning er Kari Åmundsdotter som vert gift med Rasmus Rasmusson Loen på bruk nr. 6, Sjurebruket.

Som vi skal høyre meir om seinare har slekta frå Hogrenning vorte førd vidare på Sjurebruket heilt fram til i dag.