Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Ny Rasmus på Sjurebruket(brukar 1723)

Kari Åmundsdotter høyrest ut til å ha vore ei myndig kvinne, som åtte både framsyn og slektkjensle. Kari og Sjur hadde ikkje born saman, men då det vart snakk om at ein Rasmus Olsen Loen skulle få overta garden, sette ho fram krav om at Rasmus skulle gifte seg med brordottera hennar, Sigrid Håvardsdotter Strand. Ho gav seg ikkje før ho fekk det slik ho ville. Rasmus var kanskje ein brorson til Sjur, og såleis ville slektene til dei begge halde fram på bruket. Vi har ikkje funne sikre prov for at Rasmus var brorson til Sjur, men det er fleire ting som tyder på dette. Rasmus og Sigrid som fekk garden etter den råderike Kari, livde godt i lag og hadde framgang med garden. Dei fekk tre søner: Ola som overtok garden etter dei, Jacob som gifte seg med Sigrid Jacobsdotter på Oppigardsbruket på Sæten, og Sjur som gifte seg med Anne Isaksdotter på Olabruket på Tjugen. Etter at Sigrid var død, gifte Rasmus seg med Anne Samuelsdotter frå Hallsteinbruket i Loen. Rasmus og Anne fekk ei dotter som heitte Sigrid (1740-1814), som vart gift med Jørgen Knutson Tjugen (1745-1809). Mor til Jørgen hadde odelsretten på gnr. 80, bnr. 7, Jørnbruket på Sæten. Dette bruket har fått namn etter han.