Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Dei første kjende brukarane på Sjurebruket

No skal vi sjå noko på kva som tidlegare har hendt med Sjurebruket. Dei første vi møter kjem enno meir ut or natta og det ukjende, enn dei vi har høyrt om på Hogrenning. Så langt vi høyrer attende har brukarane vore leiglendingar. I bygdeboka er ein Rasmus nemnd som brukar i 1602, og ein son som og heitte Rasmus fekk bruket etter han i 1617. Så kjem futen Peder Jørgensen og tek over og driv sjølv dei bruka i Loen som han er eigar av. Denne eigedomen har han fått med kona si Lisbeth Torsteinsdotter. Ho var tidlegare gift med Jon Lauritsson som var prest i Lom, og som var ein stor grunneigar. Det seiest at Peder Jørgenson frå 1630 budde i Loen og dreiv 6 av bruka i Loen sjølv, og etter han kom futen Jørgen Post og brukte dei same eigedomane. Han var gift med Sofie Jonsdotter, og ho var stykkdottera til Peder Jørgenson. I den tida futane styrde i Loen var Rasmus Rasmusson frå Sjurebruket dreng med futen.