Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Jørnbruket på Sæten

Sigrid Rasmusdatter(1740-1814)frå Sjurebruiekt vart gift inn på Jørnbruket på Sæten. Jørnbruket er mellom dei elste bruka på Sæten og vi høyrer om det alt i 1563. Då var Lauritz (Mogenson) brukar. Han er vel då son til Magnus (Mogens) som i 1519 betalar tidende og i 1522 betalar 10 mk. i brevbrudd. Då er det ikkje langt attende til Ulvhild Jonsdotter som er nemnd i 1469 som åtte mykje jordegods og truleg var ei av dei rikaste kvinnene i Nordfjord på den tid. Då Laurits var brukar var det berre to brukarar på Sæten. Laurits var lagrettemann i 1584 og sonen hans, Rasmus, var lagrettemann i 1588. I 1767 var bruket kome ut av odelsgreina, og då var det at Jørgen Tjugen tok garden igjen på odel. Mor hans, Helga Salvesdotter, var frå Jørnbruket, og hadde den beste odelsretten. Jørgen tok over bruket og fekk skøyte i 1768 og 1773. Jørgen og Sigrid si slekt har sidan halde fram på bruket. Vi kjenner til mange som har reist ut frå Jørnbruket til andre bygder. Sterk tilknytning har dei i lang tid hatt til Brynestad i Olden. Her har det vore døtre som har vorte inngifte på bnr. 3, Danielbruket og bnr. 7, Utigardsbruket. Der har og vore giftarmål med søskenbyte på begge desse bruka. (Sjå meir om Jørsnslekta på Sæten i Bygdebok for Innvik-Stryn)