Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Rasmus(brukar 1688), Sjur(brukar 1692) og Kari (gift med begge)

Rasmus, son til Rasmus som var dreng med futen, vart brukar på Sjurebruket i 1688, og han gifte seg med Kari Åmundsdotter Hogrenning. Vi veit lite om ekteskapet til Rasmus og Kari, men det var ingen born etter dei som overtok bruket (Sjå kapittel 2 med tilleggsopplysningar av Audun Loen). I følgje Bygdeboka vart Sjur Rasmussen brukar i 1692, og han gifte seg med enkja Kari. Namnet Rasmus var så vanleg både i Loen og i indre Nordfjord elles at han ikkje treng vere bror til Rasmus Rasmusson som først var gift med Kari. Vi har heller ikkje funne noke som tyder på at han var i nær slekt med dei tidlegare brukarane på Sjurebruket. Skiftet etter Sjur Rasmusson fortel om 4 søskjen til Sjur: Ola, Jacob, Anders og Randi. Hittil er det berre Jacob vi har klart å plassere sikkert. Han var brukar på Isakebruket i Loen, og slekta hans heldt fram der. Sjur syner seg å vere ein som hadde god tillit og vørnad i bygda. Han måtte og ha hatt noko medel, men vi veit ikkje noko om ungdomstida hans. I følgje eit mantal frå 1701 var han då 51 år. Han var såleis 42 år då han kom inn på Sjurebruket i 1692.

I 1705 får vi høyre at Sjur var sett til ombodsmann for Lokyrkja. Det hadde alltid vore ei kyrkje med små inntekter, som ikkje dekte dei vanlege utgiftene til vedlikehald. I tida frå Sjur tok mot dette ombodet til 1722 hadde han tilgode 20 1/3 rdl. av kyrkja for utlegg til vedlikehaldet. Han hadde i 1711-13 bygt nytt våpenhus av stavverk, då det gamle hadde blese ned i ein storm, og i 1720-22 vart det lagt nytt tak på søre sida av kyrkja. Dei fekk og ein ny benk i kyrkja, og tralene kring fonten vart vølte. På tinget i 1723 vart Lokyrkja seld på auksjon av futen etter påbod av kongen. Sjur kjøpte då kyrkja for 19 rdl. Året etter selde han halve kyrkja til Lars Jacobson Indre Nesdal.Etter at Sjur var død , og kyrkjelyden kravde nye store vølingar av kyrkja, selde enkja Kari og Lars Nesdal kyrkja på auksjon til Peder P. Sunde i 1728