Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Rasmus Olsson (1759 - 1801)

Rasmus Olsson (1759 - 1801) henta kona si frå Flo og gifte seg med Malene Jonsdotter N-Flo. Aaland seier i bygdeboka at der var mange gamle ætter på Flo som ein kan følgje 3 - 4 hundre år attende. ætterøtene går då truleg attende til kong Håkon Magnus si tid, ei velmaktstid i vår gamle historie. Etter folketeljinga i 1801 hadde Rasmus og Malene på Sjurebruket tre born: Ola, Jon og Lasse som då var 18, 15 og 12 år. Ola overtok bruket i si tid. Jon som var andre sonen, veit vi ikkje noko om kvar det vart av han etter at han vart vaksen. Den tredje sonen, Lasse, finn vi igjen i Brigsdal i 1818, då han er komen der og skal styre bruket. Han vert verande der og styrer det bruket til han døde i 1835. Vi veit ikkje kvifor han kom der opp og vart styrar av bruket. Truleg var han i nær slekt med konene til den førre brukaren i Brigsdal, Barbro og Marta Olsdotter Loen. Lasse var ugift.