Nordfjord - Loen sokn - Strand - Strand (bnr 2)Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Strand (bnr 2)

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 1. Slekta før 1800.

Ola Rasmusson (1783 - 1853)

Ola Rasmusson (1783 - 1853) fekk ei lang styringstid med krig og hungersår. Men det ser ut til at han og kona Janikka Rasmusdotter Sæten (1778 - 1841) har hatt ei god hand med styringa av bruket, og dei kom vel gjennom hungersåra, og etter at borna vart vaksne bygde dei seg nytt stovehus i 1837. Det var i bruk i nær hundrede år. Då kjøpte Alfred L. Loen det og fløtte det til Lovik. Ola og Janikke hadde fire born: Anders, Rasmus, Bendikt og Malene. Her følgde ikkje han Ola den gamle namneskikken, for første guten skulle ha heitt Rasmus etter far hans, men han vart kalla Anders. Kanskje var det stykkfaren Anders Salveson Sande han kalla opp att med Anders. Han kom til bruket i 1802 og døde 85 år gamal i 1855.

Rasmus (1815 - 1880), den andre sonen deira, reiste ut til kysten då han vart vaksen, og i 1835 kjøpte han og fekk skøyte på ein gard på Øvre Myklebust på Bryggja i Davik. Han vart verande ugift, og i 1860 sel han og skøyter frå seg garden til Knut Olson Hjelmeland, og livde der kanskje som kårmann sidan. Det ser ut til at gutane på Sjurebruket som ikkje overtok garden likna på Juvikingane til Olav Duun, dei vart gåande ugifte og ikkje kom seg i gang med store ting. (Om Rasmus som for til Bryggja står i Aaland si bygdebok for Davik side 372).

Den tredje av borna var Bendikt (1818 - 1906). Han halta noko og han lærde seg til skomakar. Han reiste til Nordland og vart verande der i mange år. Der dreiv han skomakarverksemd for ein vereigar og handelsmann. På sine gamle dagar kom han heim igjen og vart buande på Sjurebruket. Han var då kyrkjetenar i Lokyrkja nokre år. Når Bendikt var i godt lag, likte han å fortelje historier frå den tida han var i Nordland. Og han var gjerne med i kortlag. Det fortelst at når han fekk gode kort nynna han med seg sjølv og sa: "Eg elskar damene og damene elskar meg". Bendikt var før og rund i kroppen og ikkje særleg høg. Han var rundlett i andletet og med skjeggkrans kring kjakane. Som oftast stod han inn under nystova og hogg brenneved, og han bar rikeleg inn til omnen. Då han vart so gamal at han ikkje vann å bere inn ved, la han veden i eit tog og drog det etter seg. Han var alltid ein snill og godlynt mann.

Malene var den yngste av borna til Ola. Ho var fødd i 1823. Ho gifte seg med Arnt Rake på Framigardsbruket på Rake. (Sjå om Malene under bolken "Framigardsslekta på Rake").

Vi skal no, så langt vi kan, følgje dei som voks fram på Sjurebruket, og fløtte ut til framande stader her i landet og i Amerika. Og sjå kor ei bondeslekt på ein liten vestlandsgard spreier seg vidt ikring og kom med i yrke av mange slag.

Fig. Ola Rasmussen sine etterkomarar