Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 70 Loen

Eigarar

Etter reformasjonen åtte prestebolet i Innvik 1 ½ laup, avteke til 2 2/3 pd. Prestebolsparten låg opphavleg i eitt bruk, men vart delt i to bruk i 1734 (nr. 1 og 2). Nr. 2 vart løyst i 1844 for 200 spd., nr. 1 i 1873 for 493 spd. Denne parten hadde vel vore prestebolsgods frå mellomalderen av. Resten av garden var i siste part av 16. århundre og til ikring midten av 18. århundre samla på ei hand. Truleg hadde det i mellomalderen vore adelsgods. I 1564 selde Eirik Hardenberg (dansk adelsmann og riksråd, stor jordegodseigar, død 1604) til Torstedlunde på, sine og broren Knut Hardenberg sine vegne m. a. gods også Lodde i Nordfiordt til Hans Pederson til Seem og mora hans. (Arkivar Thomle tek feil når han meiner det er Lote som er meint her.) Det vart sidan strid om salet, m. a. Lodde, etter det var selt. Herredagen i Oslo 1580 dømde i striden 30.6. og gav Hans Pederson rett, og det påkjæra godset vart tildømd han. (N. Domb. II s. 52.).

Sidan kom Lodde i bisp Anders Foss si eige. Han kjøpte garden 1598 av Maren Søfrensdotter for 250 dl. Herav betalte han 60 dl. med det same; resten skulle han svare med ein tredjepart i åra 1599, 1600 og 1601 og dertil ha even- tyret, vågnaden, på garden. Vart ikkje pengane betalt etter semja, skulle garden falle attende til Maren og borna hennar for same pris. Maren sin son, Johans Christenson, kjæra på salet og meinte at det var gjort han urett då mora hadde selt deira arvegods, som han kunne prove med ættlegget sitt var deira fédregods. Han stemnde saka inn for herredagen i Bergen i 1604. Saka vart pådømd den 13.7. For bispen svara versonen Jon Mogenson (Skanke), sokneprest i Innvik. Herredagen dømde handelen om inkje, og bispen skulle få att sine utlagde pengar. (N. Domb. Vll s. 36). Sidan vart «velbyrdige frue» Beate Huitfeldt eigar, men ho selde garden, då = 12 laup, til hr. Jon Lauritsson, sokneprest til Lom (d. f. 1615). Enkja hans, Lisbet Torsteinsdotter, arva Loen etter han og er nemnd som eigar i 1624 (odelsmanntal for Nordfjord i Riksarkivet). Ho gifte seg opp att med fut i Nordfjord Peder Jørgenson, og då vart noko av garden utlagt på stykborna hans (borna åt hr. Jon); resten arva Peder etter henne, og han og stykborna er nemnde som eigarar i 1661. Peder J. budde på garden og brukte frå 1630 5 1. 2 pd., sidan 4 l.; resten brukte versonen Peder Lauritsson. Etter Peder J. var død i 1660-åra, vart futen Jørgen Post, g. m. Peder Jørgenson si stykdotter Sofie Jonsd., eigar av 7 laup 2 pd., versystera Lisbet Jonsd. var eigar (og brukar) av 7 pd., og svogeren deira Peder Lauritsson åtte 7 pd., men brukte berre 4 1/2 pd. I 1680-åra vart borgarmeister i Bergen Hans Munthe eigar av Lisbet sin part (som brukarane løyste i første åra av 1700-årstalet), og Marta Friis (stykd. åt presten i Innvik, Abs. J. Beyer), g. m. Henrik Lyster, prest i Strinda, åtte 2 laup. Jørgen Post sitt bu vart fallittbu, og kruna tok då m. a. hans part av Loen med unnatak av 1 pd., som Povel Povelson i Trondheim var eigar av. Presten Peder Finde kjøpte i 1728 krunegodset, i alt = 7 l. 2 pd. - 5 pd. 3 2/3 mk. avtak, for 4 mrk. 8 skill. pr. mrk. I 1767 løyste brukarane godset (br. nr. 3, 4, 6, 7-, 8, 10, 14 og 15) for 90 rdl. for kvart bruk frå sonen Henrik Pederson Finde, godseigar i Hellevik, Ytre Holmedal. Munthe-parten (nr. 7 (feil skal være 5) og 16) kjøpte løytnant Pfeil i 1698, og han selde att same år til brukarane Jon Olson (nr. 16) og Jakob Rasmusson (nr. 7). Friis-parten (nr. 11 og 13) kjøpte løytnant J. Kr. Diche av presten i Melhus, Kr. Lyster, sonen åt Marta Friis, i 1729. Diche selde nr. 13 i 1735 og 1743 til brukaren Mons Andersson, og nr. 11 i 1743 til Truls Jørgenson Tyva, som vart brukar då. Det eine pund, som Povel Povelson i Trandheim åtte, vart sidan borgar P. Tonning og versonen hans M. P. Klingenberg eigar av. Brukarane løyste det i 1732 (nr. 14).