Loen
Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 70 Loen
Strid og semjer.Sjølvsagt har det på ein så vidt stor gard tid etter anna vore strid mellom grannane seg imellom eller mellom Loen og grannegardane om samnøyte, bruk og merkeskil.
I 1654 vart det gjort semje mellom Loen og grannegardane Tjugen og Haugen om merkeskil og hamnelende. Semja vart tinglyst att 22.6. 1816.
År 1732 var det åstadssak om merkeskila mellom Loen og Auflem. Semja vart tinglyst att 15.10. 1843.
I 1738 vart det gjort semje mellom brukarane av Loen om åkrane. Ny sak om same og nytt byte vart gjort i dagane 1. til 6. oktober 1751. Desse åkrenamna veit dei å nemne: Åkredalen, Apallhola, Baksteækra, Bakkåkr., Bjørkevollen, Bråvallgjerane, Bråvallteigane, Buksene, Buksebakken, Einnok-teigane, Goteskarteigane, Geilebakken, Næste-Gjerane, Gjerane, Gjerstadsteigane, Hogateigane, Haueledet, Hestesprengen, Klovningen, Klovningshaugen (desse to låg attmed ein gammal gravhaug), Knutsbrekkene, Klæbrekkene, Klævollen, Longeteigane, Loøyrane, Myrane, Naustteigane, Rafsholen, Revholen, Skitnemyrane, Skogagrøvlingen (n. ett. Skogagrova), Stubben, Staupet, Svorateigane, Tverrteigane, Teigane. Teigane låg frå tunet innover dalen; dei var ikring 200 m lange og breie og såleis ikring 40 000 rutealner (ikr. 40 mål) og skulle vere største åkeren i fylket. Kvart bruk hadde her to dagars pløgstr; helvta vart sådd med bygg, resten havre. Kvart år var det ombyte på kornslaget. Kvar ein av dei 14 brukarane hadde sin lut i åkeren. Han var sikkert mange hundre år gammal.
Kornavlen var særs viktig på denne garden før. Lendet var særs godt og her var årvisst. Dei kunne difor år om anna avle meir enn dei nytta, og i gode år selde dei noko lite korn. År etter år brukte dei her som andre stader i Nordfjord same åkrelendet; noko «vekselbruk» trudde dei før ikkje på her. Det var romsleg å pløye på Teigane, og her var det liv om våren når alle 14 huslydane dreiv på med pløgstren. Men det var ikkje alle stader det var så romsleg. Somme åkrar var så smale at 8 luteigarar måtte pløye «over», d.v.s. dei pløyde over alle lutane kvar si for etter tur. Det var eit underleg syn å sjå 8 ploghestar, den eine etter den andre, for kvar sin plog, på ein etter måten liten åker. På ein annan åker, Buksene, pløyde 6 brukarar - 3 av Nigard og 3 av Oppigard - «over».
År 1734 var det åstadsgransking av den skade garden hadde lide.
I 1772 vart merkeskila mot grannegarden Auflem pådømde att.
I 1784 vart det gjort semje mellom brukarane om setrehamna og setra. Dei hadde då seter på nordsida av dalen. No nyttar dei setrehamn berre på sørsida. Men det står setrehus på nordsida enno.
Ny semje om hamnegangen er tinglyst 20.4. 1860. År 1704 klaga brukarane til «stiftet» over at dei alle saman måtte svare 12 mils «fløtning» til jorddrotten, studiosus Henrik Lyster, endå han åtte berre ein mindre part av garden.
Lo-bukta har frå gammal tid av vore ein god kasteplass. I 1727 fredlyste dei bruka for sildekasting av andre. Fredlysinga er tinglyst 27.5. d. år.
Utskiftning av garden si innmark vart ferdig i 1897. Fem brukarar flytte ut.
I 1738 var det - som før nemnt - åstadssak om åkre- og engbytet. Brukarane vart då samde såleis: Hans Hansson (nr. 3) la ifrå seg ein part i Buksedalen til Jakob Olson (nr. 10) imot ei kvie attmed hagen sin utan påkjæring. Ant. Arneson (nr. 14) fekk eit åkrestykke tett attmed til hage. Rasmus Olson (nr. 6) la og ifrå seg eit stykke av Vollåkeren til Jakob Olson (nr. 10). I Øyrane fekk dei 6 laupane (Oppigard) og prestebolsgodset (= 1 ½ I.) kvar sin part. Dei brukarane dette galdt var: Løytnant Diche, nr. 11, Anton, nr. 14, Jon Steffenson, nr. 4, G. Ola Jonson, nr. 5, Mons Andersson, nr. 13, Simon Jakobson, nr .2, og Byrge Abrahamson, nr. 1. Rasmus Olson, nr. 6, la ifrå seg eit åkrestykke i Tjuvekoståkeren = 3 alner breitt og eit engstykke på Vollane til Hallkjell Olson, nr. 8, og Samuel, nr. 15, la ifrå seg eit stykke av Buksebakken til Jakob Olson, nr. 10. Med denne semja var alle velnøgde.
Når kjerringar slæst. To Lo-kjerringar, Dorte Pedersd. og Brite Rasmusd. Loen, vart 3. februar 1699 stemnde og tiltala for retten for skjensmål og uvenskap. Dorte var klagar, men Brite kom med motklage. Dorte skulda Brite for å ha kalla seg ei «tolvmannshore». To mann kunne prove det med eiden sin. Brite skulda Dorte og mannen hennar for å ha rive henne i håret og knuga henne for brystet, men hadde ikkje prov for det. Dorte gjorde såvora utgreiing: Ho gjekk etter ved for å nøre opp i omnen. Då kom Brite og ville stogge henne. Ho tok seg då føre med handa, men då beit Brite henne. Då kom Dorte sin mann ut og la Brite over ende i vedakosten deira, og køyrde si eiga kone inn i stova att, og ho elda i omnen. Så kom Brite inn og reiv eldinga fram over golvet. Då Dorte så ville sanke brannane opp frå golvet, klorte Brite henne.
|