Loen
Bygdesoga for Innvik og Stryn. Gardane 70 Loen
Brukarar, bruka og tuna
Loen, som er største garden i Nordfjord, vart tidleg delt i mange bruk. Alt i 1520 hadde garden seks og i 1563 åtte brukarar, som budde i to tun; det var då truleg fire i kvart tun. Alt før 1602 har garden fjorten brukarar, men så tek brukartalet av. I 1615 har han tretten, i 1630-åra ni, i 1667 ti, i 1673 tolv og i 1680-åra tretten att, og med det stod talet til 1734, då prestebolsparten vart delt i to bruk, nr. 1 og 2. I siste tid er det utskilt nokre småpartar. Tolv av dei gamle bruka var jamstore og var 1 l., sidan 2 2/3 pd,, etter 1734 1 1/3 pd. kvart. Dei to prestebolsbruka var 2 1/4 pd., sidan 1 3/4, pd., etter 1734 1 1/3 pd. kvart. I 1630-åra, då garden var ni bruk, var det ymse storleik på dei: Eitt var 5 1. 1/2 pd., tre var 1 ½ l. kvart, eitt var 3 1/2 pd., eitt 1 l., eitt 2 1/2 pd., to 2 pd., eitt ½ l
Loen var bygt i to tun, Oppigard med 8 br. ovafor kyrkja, og Nigard med 6 bruk nedafor kyrkja. Dei 6 var br. nr. 3, 4, 6, 11, 14 og 15. Alle desse 6 bruka hadde før løene sine under ei tekkje, og det såg mest ut som ein reiparbane. Truleg var løa bygd av futen Peder Jørgenson den tid han brukte mesteparten av Nigard i eitt bruk. Alle bruka hadde eigna si om einannan. Det har visst aldri vore noko strengemerke mellom dei to tuna.
|