Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden Loen i historisk perspektiv Garden Loen i historisk perspektiv

3. Fjell, fjord og jord blir til

Gjennom den geologiske historia har fjellkjeder blitt bygt opp og brotne ned til havnivå igjen. Det er derfor ikkje fjellkjeder frå jorda si urtid og oldtid som har skapt dei landformene vi kjenner frå Nordfjord i dag. Dei geologiske prosessane frå desse periodane har derimot vore avgjerande for kva for slags bergarter som finst. Viktig i denne prosessen var den Kaledonske fjellkjedefoldinga for knapt 400 mill år sidan. Denne kom av at landblokkene med Noreg og Grønland seig mot kvarandre og skapte foldingar og skyvelag. Dette førte til at det stort sett er folda og omdanna bergarter av ymse opphav som finst i Nordfjord (Skriv litt om fjellslaga i Nordfjord )

Fjellformasjonane i Nordfjord har sitt opphav i landhevinga i Tertiærtida for ca 40 - 60 mill. år sidan. Landet vart då heva til dagens nivå langs sprekker utanfor kysten., og bergartene i fjella som heva seg vart då i samsvar med det som var danna tidlegare. Landhevinga var størst i vest og ført til at vasskiljet vart flytta mot vest, og den store høgdeskilnaden gav vatnet stor kravt til å grave. Sprekker i fjellgrunnen gav elvar og seinare brear grunnlag for utgraving av fjordar og dalar.

I Kvartærtida (starta for ca. 2 mill år sidan) var det fleire istider. Den siste starte for ca 70.000 år sidan og varde til ca 10.000 år før vår tidsrekning. Dei lause jordmassane skriv seg i hovudsak frå den siste istida.

Under istida pressa ismassane ned landet slik at havet stod høgare enn i dag. Etter kvart som isen smelta, følgde fjorden med innover område som i dag er land. Mange iselvavsetningar ligg på tersklar og ved innsnevringar i dalane. Det flate og jevnhøge nivået frå tunet i Loen og innover heilt inn til Hagedalen representerer truleg ei slik avsetning. Alle desse teigane på same nivå ligg på sjølvdrenerande undergrunn og er svært god jordbruksjord. Etter at isen var smelta bort, steig landet. For Loen kan denne landstigninga ha vore omkring 50 - 100 meter (ikkje målt i Loen, men avlese på kart med isobasar som viser linjer for kvar 50 meter gjennom område med same landstigning).

Eg har ikkje funne kva tid landhevinga var ferdig, med i den første tida var det opp til 10 - 12 cm for kvart år. Ein kan derfor rekne med at Loen kanskje såg ut omlag som i dag ved starten av vår tidsrekning og etablering av gardane.

I vår tid (1950 -60 åra) vart det store endringar i Loen gjennom planering og legging av bekkar i rør. I 1990 åra har det skjedd endringar gjennom utfylling i Fjorden. (Her bør eg ta med eit bilete av Loen i 1997 med kommentarar).