Loen
Garden Loen i historisk perspektiv Garden Loen i historisk perspektiv
5. Eigedomsrett og bruksdeling Ca 1000 (og litt før) - 1350 e. kr.
Oppdeling og rydjing av nye gardar. I vikingtida (800 - 1000 e. Kr) var det auke i folketalet. På Austlandet og der det var jord nok, vart det etablert mange gardar gjennom deling av gamle gardar og rydjing av nye. Desse var av dårlegare rang enn dei gamle gardane. På kysten skjedde landnåmen over havet mot vest. Frå dei indre fjordbygdene reiste mange til andre områder. Det vart ikkje etablert så mange nye gardar i dei indre fjordbygdene i denne perioden, men oppdeling innafor dei opprinnelege gardane i fleire bruk gjekk svært langt. Sannsynlegvis var dette likeverdige brukarar. I følgje historieboka (generelle opplysningar) hadde dei husa samla i ei klynge og dreiv jorda delevis i fellesskap, eller skifte einsarta åker- og engstykke likt mellom seg. Truleg var det derfor alt omkring år 1000 etablert ein bruksstruktur i Loen med partsbrukarar som likna på bruksstrukturen ein hadde før jordskiftet i 1898.
Eigedomsrett.I følgje historieboka heiter det at dei lovene som vart skriftfesta på 1100 talet viser at med unntak av Vestlandet var dei fleste bønder i Noreg sjølveigarar (kva med Vestlandet).I ein ny lovredaksjon frå midten av det 13. hundreåret (1200-talet) vart det rekna med at bøndene stort sett var leiglendingar over heile landet. I perioden frå ca 1100 e. kr. til ca 1250.e.kr gjekk derfor hovudtalet på bønder over frå å være sjølveigarar til å bli leiglendingar. For Vestlandet kan dette ha skjedd tidlegare.
Jordegodsdanninga har skjedd i fleire fasar. I den første fasen, som gav kongar og verdslege stormenn samfunnsherredømet i Noreg kom heile gardar på same eigarhand ( Holmsen: Norges historie side 288). Gjennom seinare utøvinga av samfunnsmakta var det også delar av gardar som skifte eigar, og bondegods og kyrkjegods var ofte sterkt oppdelt i partseige. Korleis eigedomsdanninga har foregått for garden Loen er delvis gjetning frå mi side. I og med at Loen var på ei eigarhand (med unntak av ein prestebolspart) i starten av den tid vi kjenner, tyder det på at jordegodsdanning som omfatta Loen, hadde skjedd i den tidlege fasen. Det er derfor grunn til å tru at alle bøndene i Loen var leiglendingar alt før 1100 talet, og at den som åtte garden ikkje budde der (kan eg finne noko om kven som åtte Loen)
Historia fortel at vikingtida skapte høvdingar og småkongar med mykje rikdom utanfrå. Dei flest av desse hadde høvdingseta sine på kysten. Kanskje kan erobrinsgmentaliteteten i denne tida ha ført til at høvdingar har lagt under seg også gardar heime.? Småkongane hadde sikkert behov for resurrsgrunnlag ut over eigen gard for å skffe seg skip og mannskap til krig mot andre småkongar.
Følgjande avsnitt er gjetning frå mi side. Utviklinga kan ha gått føre seg på den måten at garden først (i jernalderen) tilhøyrde stamfaren for ætta som budde på garden. Garden vart etter kvart delt opp i likeverdige bruk. I løpet av vikingtida kan ein eller annan småkonge ha fått retten til å få landskyld frå Loen (sjå nednafor). Småkongen kan gjennom kamp med litt større høvdingar og kongar ha tapt retten til Loen til desse. Litt støtte for dette kan ein finne i Egilsoga der det under kapittelet "Kong Harald tek Møre og Fjordane" står fylgjande: I kvart eit fylke eigna Harald til seg all odel og alt land, bygt og ubygty, og jamvel sjøen og vatna og alle bønder skulle vera hans leiglendingar. Kongar kan seinare ha gitt retten til garden til nokon av sine menn, og kyrkja kan ha fått ein part for å halde kyrkje og prest på garden.
Leiglendingar og skyld.
Sal av gardar og gardpartar førte ikkje til at bonden måtte forlate garden. Han heldt fram som brukar, men betalte landskyld til den som var eigar. Med dette som utgangspunkt vart eige og partseige å oppfatte som rett til heile eller ein bestemt part av landskylda. Partseiget var ikkje knytt til noko bestemt areal innan garden.
I og med at mesteparten av jorda var omfatta av jordleige, vart landskylda også lagt til grunn for skattar (Magnus Lagabøtes landslov). På Vestlandet vart gardane verdsett som så sog så mange månadsmatars bol. (mat for ein leidangskar i ein månad). Månadsmaten vart betalt med 1 laup smør, eller tilsvarande verdi i andre varer.
Regelverket omkring jordleige som vart utforma i Magnus Lagabøtes landslov finn ein igjen i Kristian IV norske lov omsett til dansk på 1600-talet.
Kyrkjer , kloster m.v som hadde mykje jordegods, hadde bruk for register over sine eigedomar. Dette er dei eldste skriftlege kjeldene som gir oversikt over jordeigedomar.
(les Snorre og andre skildringar av levesett. Få tak i landslova og les om teigdeling)
|