Nordfjord - Loen sokn - LoenBilde - Kart - Tekst

Loen

Garden Loen i historisk perspektiv Garden Loen i historisk perspektiv

7. Loen etter ca år 1500

I følgje generell historie var det vekst i folketalet frå ca 1500 og fram til 1650. Folketalet var då kome opp på same nivå som før Svartedauden. På Vestlandet var det deretter ein stagnasjon i folkeveksten medan veksten heldt fram på Austlandet. Ei forklaring på stagnasjonen er knytt til giftealderen og går ut på at folk venta med å stifte familie til dei hadde råd til å forsørgje barn. Trass i lang ungdomstid i ugift tilstand var det relativt få uekte barn.

Frå 1700 talet kom husmannsvesenet inn som eit system for å fange opp folkeauken som på nytt skaut fart. Frå slutten av 1800-talet gjekk veksten i folketalet til Amerika. Frå 1500 talet har ein skriftlege kjelder som kan dokumentere utviklinga for Loen. I følgje bygdeboka var det som nemnt 6 brukarar i 1520-åra. I 1563 hadde Loen 8 brukarar, og før 1602 var brukstalet kome opp i 14. Når det seinare er snakk om nedgang i brukstalet, kom det av at eigaren busette seg i Loen, og sjølv dreiv bruka i Nigard. I dei skriftlege kjeldene er det berre nemnt 1 husmann på garden Loen.

På garden Loen har det ut frå dette ikkje vore plass til «nye» bruk etter ca 1600. Dei borna som ikkje fekk overta bygsel, måtte derfor gifte seg til bruk, reise bort og skaffe seg bruk/husmannsplass ein annan stad, eller gå ugifte heile sitt liv.

7.1 Tunet

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Utskiftningslova frå 1857 gav grunnlaget for oppretting av Utskiftningsvesenet, seinare Jordskifteverket. Dette førte til omfattande utflyttingar i perioden 1860 til ca 1920. Gjennom denne prosessen vart klyngetuna på Vestlandet borte og det vart einskildbruka som dominerte landskapet (Sevatdal, forelesningshete om eigedomshistorie, side 82-83)

7.2 Åkrar og teigar.

Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta».

Frå først av var det truleg samdrift av all jorda mellom brukarane. Jordskifte i lovverket frå 1274 til 1821 hadde som hovudføremål å skilje ut teigar frå samdrifta, og lovverket gav reglar for dette. Leiglendingsjorda vart truleg delt på brukarane etter dei same prinsippa (sjå forelesnings -kompendium om eiegedomshistorie av Sevatdal side 54) Det ser ut til å ha vore eit hovudprinsipp at ein til kvar tid og kvar stad berre skifte det som var turvande å skifte. Det som vart delt, skulle delast i like teigar og det skulle kastast lut om teigane. Det kan hende at ein først berre delte dei beste åkrane. Desse vart då delt i like store teigar for kvar brukar. Når ein seinare delte engteigane, måtte desse også delast i like store teigar til kvar brukar Det som eventuelt fans av teigdeling mellom brukarane før svartedauden har truleg blitt borte, og det var truleg garddelingsprosessane som starta på 1500 talet og varde ved til ut på 1800 talet som skapte den teigdelinga som ein fann på jordskiftekartet frå 1896.

I følgje bygdeboka vart det gjort semje mellom brukarane i Loen om åkrane i 1738, og ny sak og nytt byte dagane 1. - 6. Oktober 1751. (Må få tak i det som er tinglyst, sjå også tinglysing referert i mitt skøyte på bruket)

Det første jordskiftet på garden Loen er tinglyst på skøytet for Sjurebruket datert 15.5.1898. Det var jordskifte på Lovik og utmarka tinglyst 16.5.1928. Sjå omtale i i «Sjurebruket i Loen. Garden og Ætta».

På innmarka var det nytt jordskifte tinglyst 10.3.1966. Sjå omtale i «Sjurebruket i Loen. Garden og Ætta».

Sjurebruket slik vi kjenner det i dag er derfor eit heilt anna enn Sjurebruket på 1700 og 1800 talet. Husa på Sjurebruket ligg likevel omlag på same staden som dei har gjort heile tida.

(Her bør takast med ei oversikt over jorskifte på alle gardane i Loen Sokn: Sande: 1882, Sæten 1895, Rake: 1869-70, Nesdal:1878 og 1906)

7.3 Eigarar.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. Sjurebruket vart kjøpt av brukaren i 1767. Nedanfor er det eit kort resyme av eigedomstilhøva for Sjurebruket.

  • Sjurebruket var ein del av den opprinnelege hovudparten (ikkje prestebolsparten).
  • I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt.
  • Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen.
  • Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630.
  • Sofie Jonsdotter, gift med fut Jørgen Post, vart eigar (ca 1660) av den delen som Sjurebruket seinare vart utskilt frå saman med 7 av dei andre bruka.
  • Buet etter futen Jørgen Post var falittbu og eigedomsretten gjekk over til Kruna. Dette var situasjonen i 1723 då Rasmus Olsen fekk bygselsetel på Sjurebruket.
  • I 1728 kjøpt Peder Finde det som Kruna hadde overteke frå falittbuet etter Jørgen Post
  • Henrik Pedersen Finde
  • 1767. Dei 8 brukarane løyste inn bruka sine frå Henrik Pedersen Finde.