Nordfjord - Loen soknBildepunkt - Kart - Tekst

Loen sokn

Bygdeskildring. Loen sokn. Oversikt

Gardane

Loen sokn omfattar no gardane langs fjorden mellom Stryn og Loen og alle garane i dalføretopp frå Loen.

Kartoversikt Loen sokn.

Mellom fjorden og Lovatnet ligg det 4 gardar: Loen (14 bruk), Tjugen (2 bruk), Haugen (1 bruk ) og Sæta (9 bruk). Loen er den største garden i Nordfjord, og er sentrum for sokna. Her ligg kyrkja, folkeskulen og nærbutikken. Tidlegare hadde Loen eige postkontor, 6878 Loen som vart nedlagt i sluttan av 1990-åra. Loen er elles kjend for Hotell Alexandra,grunnlagt av Markus Loen. Før var bruka i Loen samla i to tun, eitt på kvar side av kyrkja. I kvart av tuna var det mange hus. Gjennom to jordskifte (1898 og 1968) er fleire av bruka no flytta ut av tunet.

På nordsida av vatnet ligg frå vest og austetter: Sande (2 bruk), Hellset(2 bruk), Hogrenning (2 bruk), og Raudi (1 bruk). Midt for Bødalmunningen ligg Bødal (7 bruk) og for Kvanndalsmunningen ligg Ytre og Indre Nesdal(3 bruk kvar). Nesdalsgardane og Bødal var lagt øyde gjennom dei to store rasulukkene i 1905 og 1936. I desse ulukkene omkom 64 og 72 menneske.

På nordsida av fjorden er det bratt både mot Stryn og mot Loen, men nede under Oppheimsfjellet er lendet meir slakt. Her ligg gardane Rake (10 bruk), Marså (1 bruk) og Oppheim (4 bruk). Frå Oppheim som ligg hødt oppe er det eit storfelt utsyn over Olden, Loen og utetter fjorden. Lenger ute langs fjorden under fjellet ligg garden Strand.