Nordfjord - Loen soknBildepunkt - Kart - Tekst

Loen sokn

Bygdeskildring. Loen sokn. Oversikt

Adminstrativ og kyrkjeleg inndeling

I denne framstillinga har eg berre gått tilbake til 1647 og teke utgangspunkt i skattematrikkelen. Landet var då inndelt i 10 hovedlen. Loen sokn ligg i Bergenhus len som omfattar Hordalnad, Sogn og Fjordane og Sunnmøre fogderi. Bergenhus var inndelt i eit smålen (Hardanger) og 7 fogderi, til saman 8 forvaltningsdistrikt på dette nivået (Hardanger, Sunnhordland, Nordhordland og Voss, Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre). På neste forvaltningsnivå vart det nytta ulike nemningar i ulike deler av landet. For heile Bergenhus hovedlen (med unntak av Voss) var alle fogderia inndelt i Skipreider. I Nordfjord og Sunnfjord var skipreida inndelt i Sokn. Det som i dag utgjer Loen sokn omfatta Loen sokn og Raksgrenda i Olden sokn. Begge deler tilhøyrde Olden Skipreide. I og med at Loen sokn i dag høyrer til Stryn kommune kan ein nemne at Stryn Skipreide i 1647 omfatte soknene Utvik, Innvik, Nedstyn og Oppstryn.

Dei to skipreida Olden og Stryn var også eigne tinglag med den same avgrensninga. Inndelinga i tinglag/skipreide og seinare kommune er viktig ved bruk av matrikkelen. Nummera vart nemnleg tildelt innan kvar slik eining. For eintydig identifikasjon av gardane må ein derfor også ha med tinglag/skipreide og seinare kommune saman med matriklenr/gardsnr.

Kommuneinndelinga hadde sitt opphav i tanken om lokalt sjølvstyre og formannskapslova fra 1837. Stryn og Innvik var frå først av eitt herad i og med at det då var eitt presegjeld. Frå 1845 vart det delt i to herad (innvik og Stryn).Loen sokn høyrde til Stryn kommune etter delinga, men Rakegredna som høyrde til Olden sokn vart lagt til Innvik. Rakegreda vart overført til Stryn herrad i 1922.(må sjekke om Rakegreda høyrde til Innvik herad inntil samanslåing med Loen sokn).

I den omfattande prosessen med kommuneregulering på 1960-talet (1.1.1965) vart Innvik, Stryn og Hornindal slått saman til ein kommune. Frå 1.1.1977 vart Hornindal skilt frå storkommunen som eigen kommune.

I mellomalderen hadde kvar kyrkje sin prest. Frå reformasjonen vart alle kyrkene (Innvik, Utvik, Olden, Nedstryn, Oppstryn og Loen) lagde under ein (1) sokneprest som budde på prestegarden Langve i Innvik. Prestegjeldet fekk nament Innvik. Det store prestegjeldet hadde behov for hjelpeprestar og etter kongeleg reskr. dagsett 2.3.1742 vart det residerande kappelaniet i Innvik skipa. Dei residerande kappelanane budde på Visnes.

Etter kong. resol. dagsett 9.5.1842 vart det store prestegjeldet delt i to, Stryn prestegjeld og Innvik prestegjeld. Loen sokn kom då under Stryn presegjeld, medan gardane Strand, Marså, Oppheim og Rake framleis høyrde til Olden sokn og Innvik prestegjeld. Kirkebøkene som er trykt av Oldedalen og Strendene bondekvinnelag har med opplysingar for heile Loen sokn fram til og med 1844, men den siste boka fram til 1900 har med berre gardane i Rakegrenda frå noverande Loen sokn. Frå 1.okt. 1922 var Rakegrenda overført til Loen sokn.