Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
PÅ LEIT ETTER STADER
Eg lengtar etter stader eg aldri har sett. Det var som noko venta meg der eg aldri kom. Kva kunne eg finne som eg ikkje hadde før?
Her kjem folk frå heile verda for å sjå det som eg ser dagleg.
Er det slik dei og har det, dei som eg?
Her skulle ho kanskje ha levt sitt liv ho som kom frå Sveits og ville kjøpe seg gravstad her. Ho vart likevel borte i myldret av menneske som kom og for.
Er det kanskje slik med meg og? Eg ville ha kome bort frå meg sjølv om eg hadde reist på leiting etter den staden eg aldri fann.
|