Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
KVA SØKTE HO HER?
Ho kom frå byen mellom dei sju fjell, og stogga ved inngangen til den mektige katedralen, der ein praelat stod i stein inn ved den evige is.
Hit kom ho år etter år. Fjellet la dalen øyde, menneska bygde på nytt, men fjellet kom fårlegare att. Her kosta det livet å bu.
Ho kom alltid igjen og stogga på same stad. Var det offerviljen ho var gripa av, eller ei mektig storkna natur. Var det det grønblå vatnet der snøfjella spegla seg, eller var det her ho hadde sitt første elskhugsminne. Kva veit vi. Ho sat alltid på same staden og såg det same synet.
|