Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
I TRETTI ÅR
Dei hadde livt saman i tretti år. Men dei hadde ikkje blitt eitt slik presten sa, til det var dei for ulike. Dei gav kvarandre både små, store sår. Men dei såg at dei fylte ut kvarandre og dei hadde også gleder i lag.
åra gjekk. Om dei skildest med harde ord i harm, eller dei mottest med famntak og kyss, alltid kjende dei at meir batt enn som skilde.
Stundom tykte dei at dei hadde fått auka menneskeverd. Men dei var berre vanlege folk og måtte greie seg utan slike ord Dei fekk gle seg over at sola kom igjen når toreveret var over. Når dei sag attende sag dei mest berre sol.
|