Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
UTIGARDSFOSSEN
Morgonvinderi susa over doggvåte blomar og born leika i gamle tun. Utigardsfossen sitt risemål song til arbeid og svevn.
Med kvite skjorteermar rodde skjeggute menner og frå løfte åreblad fall sølvdropar i vatnet. Kvinnene hadde silkefaks på sine svarte plagg. Sola steig over Kjenndalskruna og la gullstrimer i kjølvatnet forbi Nesodden ein kyrkjesundagsmorgon
Den tid kjem ikkje igjen. Men Utigardsfossen syng med sitt risemål og morgonvinden susar i tre og greiner, på dei attgrodde gamle tun .
|