Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
MELLOM RUINAR
Nedfalne murar mellom bregnar og skog. Ei grue i røys, kol mellom steinane.
Ved grua baka kvinner flatbrød. Tolv sneiser dag, Mykje mat for svoltne munnar. Ti menneske til bords.
Langt til fjord, langt til grannen, men årvisst her. Komet fraus ikkje, havre til flatbrød, bygg til graut og malt.
Alt er som for, Årstidene som før. Jorda, ho ligg her under sol og måne og stjerner. Men her er ingen som sår og haustar som før.
|