Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
Mitt fjell
Her fjellet reise seg med snø på kruna Mitt fjell det står her som ein rise sver. Det vår og haust og vinter skifter bunad, og det står like traust i alt slags ver, i eldningsblink og og toreslag som duna og når i skoddekåpa løynt det er. På denne søyla himmelkvelven kviler og morgonsola der frå til oss smiler
Ja, alt frå eg var barn eg til deg stunda Du var mitt eventyr i draumar blå. Eg gjekk ned ved din fot og på deg grunna og himmelstige var du for meg då Du var i leik og draumen når eg blunda Mitt ynskje var å kunne toppen nå Eg skulle vere der når sola roda på fjell og tind så langt eg kunne skoda
Og dit det bar med barn og ektemake der møtte oss eit syn så rikt og stort, og sidan støtt eg drøymde meg tilbake om utferdstrongen tidt meg lokka bort. Der ute hugen inga ro fekk smake det var som eg eit brotsverk hadde gjort. Eg var til denne staden fødd og kåra og fjellet bar eg i mi sjel forklåra
No hjarta mitt det ro og fred har funne, eg har min heim her under fjellet mitt. Og over fjellet der har sola runne og alle år meg gledt med skinet sitt. Kva var det vel her meir eg ønskja kunne enn kvile her når eg har frå meg stridt? Med synet vendt mot fjellet skal eg sova og venta på den dagen som er lova
|