Ole Bernhard Andreasson Loen
Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum
EIT NYFØDD MENNESKEBARN
Det følgjer von med ein komande dag, ei ny solrenning, ein grøn spire i vårvarm jord, og eit nyfødd menneskebarn.
Vakning og vokster skaper glede i barm. Knuppar som opnar seg, blomar som lyser, rikare moning, liv som ber frukt.
Voner er vengjer, kjærlege vengjer kring alt som skal bli. Ingen veit dagen kva han vil gje. Allting kan hende allting kan skje.
|