Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ole Bernhard Andreasson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Bernhard Andreasson Loen

Det var deira draum. Diktsamling Diktsamlinga Deira draum

Det var deira draum

På denne garden
laut dei stri
for å overleve.
Barkebrødet
gav lite kraft,
men dei berga då livet.

I korte dagar
og måneskinskveldar
dyrka mannen
si steinute jord.
Og kona sat i lyset av kola
og spann og vov.

Det var deira draum.
Dei skuldlause liv
som dei saman
sette inn i verda,
dei skulle ikkje gå
matlause og nakne
Og det skulle bli
litt lettare
for dei som kom
og tok arv etter dei.

Vi ser dei ætt etter ætt
så langt vi kan sjå
attom farne tider.
Ingen nådde så langt
som dei hadde tenkt,
og ofte måtte dei
setje livet inn
for å halde nauda borte

Men draumen var som
ei stjerne som blenkte
i deira lange arbeidsdag.
Eit steg, om berre eit hanesteg
skulle gjere romet tryggare.
for den som kom etter.
Denne vona har bore
fram arbeidet i tusen år,
og skal enno lyse
over den gamle garden.